Torsken er på sitt aller beste dei første månadane i året. Ei eksklusiv råvare som kan brukast på mange måtar.
– Været har ikkje vore på fiskarane si side denne vinteren, og i januar og februar vart det berre teke opp halvparten så mykje torsk som i fjor. Det fortel direktør i Vest-Norges Fiskesalslag, Magnar Aasebø.
I mars har det vore eit eventyrleg fiske i nord. Fleire båtar frå fylket deltek i fisket etter skrei, og mange har gått til land med båten full av fisk. Førre helg var det og VM i skreifiske i Lofoten.
Rekorddeltaking
– Eg trivest med fisk og fiske, og tykkjer det er fantastisk moro å få vere med å jobbe under VM i skreifiske, tidlegare kokkelærar og medlem i Kokkenes Mesterlaug, Steinar Lindstrøm.
Lindstrøm er oppvaksen i Svolvær og kvart år reiser han heim for å oppleve den spesielle stemninga og vere med på det tradisjonelle fisket.
I år er det også rekordmange som deltek, 620 fiskarar og over 200 båtar.
– Nokre veit korleis dei skal behandle fisken, men veldig mange er ukunnige, så vi prøver å hjelpe og rettleie dei såg godt vi kan.