Ferja var smekk full - men då fekk Jostein ein idé...

Då Jostein Eimhjellen skulle ta ferja mellom Stårheim og Isane, enda han som første bil i køen som ikkje fekk plass. Alle som ein gong har stått att etter at ei full ferje har gått frå kai, veit kor irriterande det kan vere. Men Eimhjellen let seg ikkje stoppe av det.

Haika med ferja

PASSA FINT: Bilen til Jostein Eimhjellen smatt fint opp på tilhengaren, og dermed fekk han bli med ferja, sjølv om ho var full.

Foto: privat

For dei siste som hadde køyrt om bord, var to gravemaskinfraktarar frå entreprenøren K. A. Aurstad, skriv Bremanger Budstikke, som først fortalde om saka.

Den eine lastebilen hadde ei gravemaskin påhengaren sin, medan den andre berre hadde ei gravemaskinskuffe.

Altså massevis av ledig plass, tenkte Eimhjellen, som ikkje var tapt bak ein gravemaskinfraktar, bokstavleg tala.

Måtte iallfall prøve

Og så tenkt, så gjort.

Eimhjellen ropte fram til sjåføren av gravemaskinfraktaren og spurde om han rett og slett ikkje kunne få haik over fjorden.

– Det var jo god plass, så eg måtte nesten prøve, ler Eimhjellen.

Og sjåføren av den store doninga, Knut Arne Stokke, var ikkje tung å be. Ifølgje budstikka slepte han ned køyrerampene, og dermed kunne Eimhjellen smette bilen opp på den digre hengaren. Slik skaffa han seg regelrett haik på ferja.

Slapp å betale ferjebillett

– Det fungerte fint, det, seier Eimhjellen, som kanskje ikkje hadde trudd at det skulle gå fullt så lett.

Han passa på å takke Stokke for hjelpa. Og trur du Eimhjellen måtte betale ferjebillett?

Niks, det måtte han ikkje. For haiking er nemleg gratis.