Hopp til innhold

Slik fekk dei sjøsett den særeigne båten

Aldri har ein båt frå Brødrene Aa fått meir merksemd før den har hatt ein einaste passasjer om bord. No er fartøyet som skal frakte turistar lydlaust på Nærøyfjorden sjøsett.

Sjøsettinga av "Vision of The Fjords"
Foto: Tor Arne Aasen, Samferdslefoto

– Det er ein veldig fin og spesiell båt. Det er sjeldan vi opplever så mykje omtale før båten i det heile tatt var komen på sjøen, seier administrerande direktør Tor Øyvin Aa.

Den er blitt kjend under prosjektnamnet «Seasight», men har fått namnet «Vision of The Fjords» på skutesida. Laurdag vart det som er den første hybridbåten frå Brødrene Aa sjøsett frå verftet i Hyen.

– Den er veldig brei, så det var utfordrande, men det gjekk fint. Vi brukte to-tre timar på å få den ut porten og opp på slippvogna. Så let vi den stå over natta, før vi sjøsette den om morgonen, fortel sjefen for det heile.

Samanhengande dekk

Torsdag blir den 40 meter lange og 15 meter breie båten vist fram for internasjonal presse.

– Det er særleg den tekniske fagpressa som er interessert, fortel Aa.

Like fullt har ei rekkje norske aviser og vekeblad omtalt båten som vekkjer oppsikt, mykje takka vere sitt heilt særeigne design.

Designen, som i første augekast ikkje er heilt ulikt eit visst operahus i Oslo, har verftet sjølve komme opp med. Det er ikkje i Bjørvika dei har henta inspirasjon, men frå teikningane til ein fjellveg som snor seg i sikksakk opp fjellsida i Årdal. Ifølgje Aa har designen som han kallar «frå fjord til fjell» fleire fordelar.

– Du får med deg veldig mykje utsikt, og du kan gå fritt ute frå nedste til øvste dekk. Vi har lagt vekt på universell utforming, så også rullestolar kan ta seg fram på dekk.

"Vision of The Fjords", interiør

LUFTIG: Turistbåten skal ha plass til 450 passasjerar.

Foto: Brørdrene Aa

Elektrisk og diesel

Båten er tinga av reiarlaget The Fjords, eigd av Flåm AS og Fjord1, og skal gå i turistrute mellom Gudvangen og Flåm. I Nærøyfjorden, som er på verdsarvlista, skal båten i etappar gå lydlaust på elektriske motorar. På dei lengre transportetappane blir meir konvensjonell dieseldrift kopla inn.

Farten vil ligge på rundt åtte knop ved elektrisk drift, 20 knop i dieseldrift.

Brødrene Aa har utmerka seg internasjonalt med katamaranar i lette og sterke karbonskrog. Hybriddrift, ikkje ulikt det ein etter kvart har fått i mange bilar, er nybrottsarbeid for nordfjordingane.

– Det er vår første hybridbåt. Det stadfester at vi ligg i front og er innovative, meiner Aa som ikkje fryktar for teknologien.

– Vi har brukt dei beste på alle fagfelt, seier han.

Nærøyfjorden sett frå Bakka

SKAL GÅ HER: «Vision of The Fjords» blir det siste tilskotet av båtar som fraktar turistar på Nærøyfjorden. Her sett frå Bakka.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Båten klar før ladestasjonane

Enno står det att ein del arbeid og ikkje minst testkøyring på fjorden, før båten blir overlevert reiarlaget og kan døypast i Flåm.

Dei første turane på Nærøyfjorden kan måtte gå på meir diesel enn planlagt. Aurlendingen skreiv sist veke at ein av ladestasjonen som skal gi Vision of The Fjords straum, ikkje blir klar i tide.

– Vi har framleis håp om å kunne gå store deler av fjorden på rein energi når vi kjem i trafikk. Vi har ikkje fokus på det som ikkje er klart, vi tenkjer år fram i tid, sa dagleg leiar Rolf Sandvik i The Fjords til NRK.

Store deler av verftsindustrien har fått oljekrisen midt i fleisen. Men det finst unntak: Brødrene Aa meiner miljøvennlege farty har gitt dei historisk gode tider.

SJÅ TV-REPORTASJE: Vestlandsrevyen gjesta i desember i fjor Brødrene Aa. Verftet som då var midt i bygginga av Seasight-prosjektet, utmerka seg ved å tilsetje nye midt i oljekrisa.