Hopp til innhold

Slik fekk dei landets lågaste kommunale avgifter

Eigen drift av vatn- og renovasjonstenester er blant årsakene til at Årdal kommune har landets lågaste kommunale avgifter.

Årdalstangen

LÅGAST: I Årdal kommune betaler innbyggjarane nesten 1000 kroner i mindre i kommunale avgifter i månaden enn i dei dyraste kommunane i landet.

Foto: Atle Romøren

– Det er gledeleg at vi kan ha låge kommunale avgifter for innbyggjarane våre, seier Arild Ingar Lægreid (Ap), ordførar i Årdal.

Ei undersøking NRK har gjort viser at dei kommunale avgiftene på vatn, kloakk og søppeltømming varierer med over 11.000 kroner – avhengig av kva kommune ein bur i.

Driv sjølv

I Årdal betalar innbyggarane berre 4600 kroner i året, som er lågast i landet. Ordføraren peiker på to hovudgrunnar til at dei kan halde det låge prisnivået.

– Vi driv søppeltømming sjølv med kommunalt tilsette i kommunen. Det same gjer vi også med vatn. Utover det har eg ikkje noko god forklaring på kvifor vi ligg så mykje lågare enn mange andre kommunar, men det er veldig positivt for oss å ligga på topp, seier Lægreid.

Og han går langt i å lova at kommunen vil halde seg på eit prisnivå som er blant dei lågaste i landet.

– Vi må gjera nokre investeringar så eg kan ikkje lova at vi vil ha same prisnivå i framtida. Innbyggarane må rekne med ei auke, men på langt nær opp mot det nivået som er i andre kommunar. Det kan eg lova, seier han.

Kommunane sin interesseorganisasjon, KS, peiker på at storleik på kommunen, innbyggartal og geografien er nokre av årsakene til dei store skilnadane.

Her kan du sjå kva du betaler i din kommune:

Kommunale avgifter på vann, avløp og renovasjon

Samlet pris for vann, avløp og renovasjon

Tabell en av en
KommuneArbeidsledighet i prosent
Halden10,186
Moss8,055
Sarpsborg7,160
Fredrikstad7,551
Hvaler9,947