Hopp til innhold

Uvêret «Dagmar» tok vegen - men bergensaren «Eilif» visste råd

Etter at «Dagmar» tok vegen inn til bygda trudde folk i Otterdal at dei berre kunne drøyme om å få bilane ut. Men så kunne ein bergensar tilby dei uventa hjelp...

Romjulsorkanen vaska bokstavleg talt vekk den einaste vegen inn til den vesle bygda i Hornindal. I verste fall kan det gå over eitt år før vegen er i orden att, og utsiktene for å få ut bilane såg svært så dårlege ut.

Men denne veka kom ein svært så behjelpeleg bergensar med beskjeden dei ikkje hadde trudd skulle kome. Laurdag var han på plass med ei flytebryggje som kunne ta med seg bilane.

– Vi hadde sett føre oss at vi måtte kjøpe oss ein ny bil for å bruke på andre sida av vatnet, så dette var berre kjempeflott, jublar Thore Heggen som er ein av innbyggjarane i Otterdal no får flytta bilen sin.

Mange sperra nok opp auga sine i dag når dei såg farkosten som var på veg over Hornindalsvatnet. To flytebryggjer var festa saman til ein form for flåte, og oppå stod det to personbilar. Sjøkaptein Eilif Harbitz-Rasmussen stod ved roret og hadde full kontroll.

– Eg hadde aldri gjort dette om eg ikkje hadde visst at eg hadde kontroll, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik berga dei bilane ut frå Otterdal

FARKOST: Det var litt av ein farkost som laurdag ettermiddag tok seg over Hornindaslvatnet med personbilane til folk i Otterdal.

Foto: Eilif Harbitz-Rasmussen/Fly by Night AS

Måtte flytte frå bygda

Romjulsorkanen Dagmar førte til skader for millionar av kroner langs vegane på Vestlandet. Berre i Sogn og Fjordane vart det gjort skader for 120 millionar kroner, og aller verst gjekk det ut over fylkesvegen inn til den vesle bygda Otterdal i Hornindal.

Det frådande Hornindalsvatnet vaska bokstavleg talt vegen, og nesten to kilometer er no neste heilt borte vekk. Kva som skal gjerast her er det ingen som veit enno.

Både fastbuande og folk som var på julebesøk stod brått utan vegsamband med omverda. Dei tre bilane som var i bygda romjulshelga vart innesperra, og folk frykta dei kunne bli ståande i eitt år før dei kunne bruke vegen ut av bygda. Å hente dei med helikopter vart sett på som ei for kostbar løysing.

Thore Heggen og familien hans måtte attpåtil flytte frå bygda og inn til sentrum, då Fylkeskommunen sette ned foten for båtskyssen over Hornindalsvatnet. Dei meinte skyssen ikkje var trygg nok og stilte krav om ein overbygd båt og flytebryggje i Otterdal.

– Vi har klart oss med ein bil, men det har ikkje vore berre-berre, seier han og legg til at dei valde å avskilte bilen fordi dei ikkje trudde dei fekk bruke den på lenge.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Otterdal treng veg

TRENG VEG: Skal samfunnet bruke store summar på trygg veg til små grender, eller bør folket heller flyttast til meir sentrale strøk? I Otterdal i Hornindal krev 13 innbyggjarar ny sikker veg etter orkanen Dagmar. Prislappen er på over 200 millionar.

Bergensar hadde løysinga

Situasjonen var i det heile teke ganske lei for folk i Otterdal. Men så fekk dei ein telefon med ei god nyheit. Firmaet Fly by Night på Kleppestø i Hordaland har fått jobben med å byggje flytebryggja i Otterdal som Fylkeskommune har stilt krav om.

Og som ein liten bonus ville firmaet også ta på seg og flytte bilane over vatnet.

– Eg sa eg hadde høve til å ta med bilane over, dersom dei hadde lyst til det, fortel Harbitz- Rasmussen til NRK.no.

– Dette er ikkje speiderfakter

Og så sagt som gjort. Sidan i går har han arbeidd med å setje i hop farkosten som skal flytte bilane over Hornindalsvatnet. På det djupaste er vatnet over 500 meter djupt, noko som gjer det til den djupaste innsjøen i Europa.

Sjølv om han aldri har vore i tvil om at dette skulle gå bra, vedgår den erfarne sjøkapteinen at det har vore ein krevjande jobb.

– Det er klart det er utfordrande. Det er snakk om store verdiar, og det er ikkje noko beint fram, fortel han.

Men ved hjelp av dei to flytebryggjene har han altså fått laga til ein flåte. Harbitz-Rasmussen seier eigarane av bilane alle var litt skeptiske når dei fekk høyre om korleis han skulle få ut bilane, men presiserer at han ikkje driv på med ting han ikkje har peiling på.

– Det er ikkje noko speiderfakter dette her altså, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilen til familien Thaule Løvlid må stå her i eitt år.

ISOLERT: Her trudde familien Thaule Løvlid at dei måtte ha bilen ståande lenge, men slik var det altså ikkje.

Foto: Privat

God dag for både «bilbergar» og eigarane

Då NRK snakka med han i 16-tida laurdag hadde han allereie fått over to av personbilane. Enno står det att ein personbil som skal frå Otterdal og over til sentrum, medan ein traktor skal få vere med på returen til den no veglause bygda.

– Det er ei god kjensle å kunne hjelpe folk, seier han.

Og dei som hadde bilane sine innesperra i Otterdal er no letta. Cecilie Thaule Løvlid hadde vore på juleferie for svigerfamilien i Otterdal då uvêret tok vegen. Dei hadde budd seg på å vente på bilen i kanskje så lenge som eit år, men er no glade for at det ikkje vart så lenge.

– Dette er vi sjølvsagt veldig glade for, seier Thaule Løvlid til NRK.no og får støtte frå Thore Heggen:

– Dette har vore ein spennande dag, og no er kvardagen vår blitt langt enklare, seier han.

Bilane blir berga frå Otterdalen

LAND: Her blir ein av bilane sett i land i Hornindal.

Foto: Eilif Harbitz-Rasmussen/Fly by Night AS

Slik vart bilane berga vekk frå Otterdal
Foto: Eilif Harbitz-Rasmussen/Fly by Night AS