Hopp til innhold

Feirar våren med hagearbeid langs fjorden

NORDFJORDEID (NRK): Blå himmel og sol, men ein kald nordatrekk langs Nordfjorden får Elin Lund Hansen og Tage Hansen til å kle godt på seg når dei skal ut i hagen for å jobbe.

Elin Lund Hansen og Tage Hansen i hagen

STELLER HAGEN: Tage Hansen og Elin Lund Hansen brukar vårdagane til å jobbe utanfor huset.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg held på å klippe nokre busker her, som ikkje skal bli alt for store og stygge. Vi har kledd godt på oss, vi kan ikkje sitje inne og vente på at det skal bli 20 grader, fortel Elin Lund Hansen.

Ho og ektemannen nyt dei flotte vårdagane med å gjere hage og mark klar til sommaren, og det manglar ikkje på arbeid.

– No er det full flor, men eg er ingen ekspert. Eg klipper buskene slik eg trur det skal vere, seier Elin og smiler.

Tage Hansen fortel at han skal bort på slåttemarka og rydde opp lauv og ris, og kløyve ved. Men stundom set han seg på ein benk han har laga til langs vegen.

– Her kan eg sitte heilt roleg og sjå kor folk stressar. Det er berre heilt fint, seier Tage.

Vi vil gjerne sjå dine bilete frå våren, anten du er ute på tur eller du slappar av i solveggen. Send oss bilete på Facebook, epost eller som MMS med kodeord til 1987. Bruk gjerne også Instagram, men då du hugse å bruke emneknaggen #nrksf

Sognefjorden, Nessane
Foto: Keir Ørnehaug
Laster innhold, vennligst vent..
Instagram Sogn og Fjordane