Hopp til innhold

Slik feirar sunnfjordingane Kongepokalen

– Heilt vilt. Heilt vilt. No er det god stemning, strålar kantspelar Karoline Fauske etter cuptriumfen i Ekeberghallen.

Førdedamene spretta champagnen i garderoben etter å ha sikra seg Kongepokalen i volleyball.

SJÅ VIDEO: Førdedamene spretta champagnen i garderoben etter å ha sikra seg Kongepokalen i volleyball. (VIDEO: SVEIN RUNE KJØLLESDAL/FIRDA)

Karoline Fauske fekk æra av å setje punktum for damene sin cupfinale i Ekeberghallen i Oslo.

Karoline Fauske kysser Kongepokalen

STORT: Karoline Fauske er ein av fire førdespelarar som vann regions-NM i Ekeberghallen for tre år sidan. – Men dette er noko heilt anna. Det er heilt vilt, strålar ho.

Foto: Mathias Loftesnes

På andre sida av nettet stod tidlegare lagveninne Julie Tvinde, og eit Oslo volley-lag som kjempa om sin åttande Kongepokal.

– Det var ei lette å sjå ballen treffe golvet. Eg sa til Marianne Steen Knudsen at denne ville eg ha. Einaste planen eg hadde var å slå til, slik eg hadde gjort gjennom heile kampen, 18-åringen.

Nervøs start

Førde kom til Ekeberghallen med nervar og høge skuldrer. Det bar også første settet preg av. Blåtrøyene verka å spele heilt blotta sjølvtillit og fekk lite til å stemme i starten. Etter kvart såg ein tendensar til kva som har teke dei til tabelltoppen i eliteserien.

Førde Volleyballklubb cupmeistrar

CUPMEISTRAR: For første gang henta dameleaget til Førde heim Kongepokalen.

Foto: Peder Graham Guttormsen

– Det var eigentleg berre å komme i gang. For dei aller fleste var dette heilt nytt. Det er berre Hilde og Eline som har vore med på dette før, seier Fauske og legg til.

– Men vi var aldri stressa. Spelet kom utover i første settet og vi hadde kjensla av at det kunne gå. Så losna det.

– Vi kan betre

Ragni Steen Knudsen og Marianne Steen Knudsen

CUPSØSTRE: Søstrene Ragni Steen Knudsen og Marianne Steen Knudsen med det synlege bevise på cuptriumfen.

Foto: Mathias Loftesnes

Saman med oppleggar Steen Knudsen og kantspelar Alyssa Wolf, stod Fauske fram som ein av finalens beste spelarar.

– Starten var nervepirrande, men akkurat no er det berre heilt vilt. Det er det største eg har opplevd som volleyballspelar. Det overgår ein nasjonal collegefinale eg spelte, seier canadiske Wolf.

Sjølv meiner ho at både ho sjølv og laget ikkje spelte optimalt.

– Vi var bra, men kan gjere det betre. For min del var starten vaklande, men det kom seg i forsvar. Blokkinga har eg gjort betre, legg ho til.

Går for nordisk gull

Alyssa Wolf

GOD: Canadiske Alyssa Wolf leverte ein god cupfinale for Førde.

Foto: Peder Graham Guttormsen

Kongepokalen kjende dei seg trygg på at dei ville sikre.

– Det var eitt par gonger eg vart uroa, men laget har god mentalitet. Vi er gode, seier Wolf.

– Tredjesettet var litt skummelt, då Oslo tok att sju poeng, men det var berre å køyre på, legg Fauske til.

No ventar ei solid feiring av Kongepokalen i kveld, før returen til Førde i morgon. Måndag startar førebuinga til finalespelet i Nordisk meisterskap neste helg.

Spørsmålet er om dei klarer å kopiere herrelaget som i 2011 vart både cupmeistrar og nordiske meistrar.

– Vi må jo prøve å bli nordiske meistrar også. Slik vi spelte i dag, så er alt mogleg, meiner Fauske.

– Eg er spent på Nordisk og trur det blir ei kjekk oppleving. Men no skal vi uansett nyte dette først, avsluttar Wolf.