Hopp til innhold

Slik feirar kjæresteparet påske

Amalie Borlaug (18) og Hallvard Faleide Sande (18) frå Førde feirar heller påske framfor PC-skjermen i Vikingskipet på Hamar, enn med å reise til fjells.

The Gathering 2014

PÅSKEFEIRING: Her på datatreff på Vikingskipet feirar Hallvard Faleide Sande og Amalie Borlaug påska i år.

Foto: Rune Helle

– Interessa for ski har eigentleg ikkje vore så stor, seier Hallvard.

Blant kring 5000 som er på datasamlinga «The Gathering» på Vikingskipet på Hamar er han og kjærasten Amalie frå Førde. Dei reiser saman med tre andre.

– Det var eigentleg venninna til Amalie som hadde vore der før og sa vi måtte bli med. Eg har tenkt på det før, men det har aldri blitt noko av. Det er eigentleg mest for opplevinga av å ha vore her, fortel Hallvard.

Har flytta inn i Vikingskipet

Midt mellom tusenvis av PC-ar sit dei store delar av døgnet og spelar.

– Vi er veldig interesserte i ulike typar spel. Det er mest speling og videosjåing det går i, seier Hallvard.

Saman med Amalie og resten av reisefølgjet kom dei til Hamar tysdag og flytta inn i Vikingskipet onsdag morgon då det opna. Med kvar sin stasjonære PC med skjer, samt sovemadrassar, dyner og puter tok det nokre timar før dei var komne skikkeleg på plass.

Datasamlinga skal vare til søndag, men dei er usikre på om dei blir så lenge.

– Det kan jo hende vi blir lei, men slik det er no ser det ut til at vi kanskje blir til søndag, seier Hallvard.

– Vi må nesten sjå det an. Det spørst om vi orkar å vere her så lenge, seier Amalie.

– Du skal vere sliten når det er ferdig

For det er mykje bråk rundt dei til alle døgnets tider, og dermed til dels lite søvn.

– Ja, det blir jo det. Det er mykje støy om natta for folk har med eigne høgtalarar.

Men Hallvard meiner det er verdt det.

– Du skal jo vere sliten når du er ferdig her, men når du kjem heim og tenkjer på det er det vel eigentleg verdt det. Ein får opplevd stemninga og sett alle som møter opp og spelar alle moglege spel i tillegg til mykje anna.

Langt fleire gutar enn jenter

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er langt fleire gutar på datatreffet enn jenter. Då er det ekstra kjekt som gut å vite at du har ein kjærast som er interessert i data.

– Det er eigentleg ganske kjekt. Vi sit ved sidan av kvarandre og spelar dei same spela. Det er litt rart at det er så få jenter for det ganske allsidig her, det er noko for alle. Men eg trur ein må ha ein viss grad av interesse for data, og det er vel flest gutar som har, seier Hallvard.

– Du er ganske heldig du då?

– Ja, det har eg tenkt mange gonger, ler han.