Hopp til innhold

Slik feirar dei jonsok på omsorgssenteret

I kveld vert det feira jonsok over heile landet. På Gloppen omsorgssenter har dei sin eigen tradisjon.

På omsorgssenteret i Gloppen feira dei jonsok med brudefølgje.

FESTLEG JONSOK: Austrheim spelemannslag spelar opp til dans under jonsokfeiringa på omsorgssenteret i Gloppen.

Der får bebuarane rømmegraut, oppleve levande musikk, dans og unge brudepar.

Åtte år gamle Emil Helgheim går i andre klasse på Sandane skule. Han fekk for første gong æra av å vere brudgom på den tradisjonelle feiringa. Brudefølgjet fekk stor applaus når dei var ferdige med innmarsjen.

Emil var brudgom på jonsokfeiringa

BRUDGOM: Emil Helgheim (8) fekk æra av å vere brudgom og gjekk først i rekkja under innmarsjen.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Det var kjekt å sjå at dei gamle vart glade, seier han.

For bebuar Rasmus Bergheim byr jonsokfeiringa alltid på gode opplevingar. For høvet var han staseleg pynta med slips og skjorte.

– Vi må kle oss opp, det er jo så mange fine damer til stades her, veit du, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasmus Bergheim kosar seg på jonsokfeiring

KJEKT: For Rasmus Bergheim er jonsokfeiringa eitt av høgdepunkta i løpet av året.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Einingsleiarane Cecilie Helgheim og Iren Knutsen Utheim fortel at jonsokfeiringa på omsorgssenteret har lange tradisjonar. Det vert lagt ned ein skikkeleg innsats i forkant for å gje bebuarane ein ordentleg fest å sjå fram til.

– Dei tykkjer det er veldig triveleg og det er noko dei tenkjer på kvart år når det nærmar seg. Det er ein sosial happening, seier Cecilie Helgheim.