Hopp til innhold

Slik feira vi 17. mai i gamle dagar

Ekteparet Reidar og Berit Tveit har feira 17. mai saman sidan krigsåra, berre avbrote av at Reidar sat i tysk fangenskap. Dei meiner nasjonaldagen har utvikla seg til å verte mykje større enn han ein gong var.

Ekteparet Tveit frå Førde fortel om korleis dei feira 17. mai i gamle dagar.

Etter 1945 fekk nasjonaldagen ekstra stor betydning i Noreg. Det var forbode å gå i 17. mai-tog, og ikkje lov til bruke raudt, kvitt og blått på kleda på 17. mai under okkupasjonsåra.

– Ja, det var ein festdag før også. Men det var mykje historikk på den tida. Vi visste ikkje i vår ungdom kva som kom til å skje seinare, seier den tidlegare krigsfangen Reidar Tveit.

Han meiner festen berre vert større og større, og at dagen betyr meir og meir for oss.

Reidar Tveit vart fødd i 1921, og voks opp i Gulen kommune. I ungdomen reiste han for å studere i Oslo. Der budde Berit Østensen, og der trefte dei kvarandre.

  • Sjå video og biletgalleri frå 17. mai-feiringar frå fylket lenger nede.

Berit sat heime i Noreg og venta

Nasjonaldagen i Noreg vert markert meir enn i mange andre land. Ifølgje store norske leksikon vart han berre feira nokre stadar dei første åra etter 1814. Det var først i 1836 Stortinget feira 17. mai-fest. Det skjedde etter to tiår med stor motstand frå kongen i Sverige.

Henrik Wergeland får mykje av æra for å ha gjort 17. mai til ein nasjonaldag. Seinare var Bjørnstjerne Bjørnson også ein viktig mann. Bjørnson tok mellom veldig mykje anna initiativ til det første barnetoget i 1870.

Desse to ruvande skikkelsane i Noregshistoria vart mykje seinare svært viktige også for Reidar Tveit.

– Eg var med i ei gruppe studentar som vart tekne som fangar under andre verdskrig. Eg hamna i fangeleiren Buchenwald.

Medan han var der, sat Berit heime i Noreg å venta. Dei fekk brevveksle, og slik fekk ho vite korleis han hadde det under det ufrivillige opphaldet i Tyskland.

Og ein opptur i den tøffe tida som krigsfange, fekk gulingen Reidar Tveit på 17. mai 1944.

– Dei stilte opp nokre krigsfangar med musikkinstrument utanfor gjerdet. Det var piggtråd mellom oss, men då dei sette i gong å spele høyrde vi songar frå Wergeland, av Bjørnson og av Griegg.

– Det var ei aldeles, utruleg gripande stund.

Sidan freden kom har Reidar Tveit og Berit Tveit feira nasjonaldagen saman.

(Artikkelen held fram under videoen, som er vist løyve frå Gro Vasbotten)

Festplanar for kvelden i 2014

I dag er dei begge over 90 år, og har god røynsle med 17. mai-feiringar.

– I dag vil eg seie at syttande mai har ein enno meir levande betydning for dei fleste av oss, seier den tidlegare krigsfangen.

Kona er einig, men minnast at det også var ein fest i Oslo då ho var ung.

– Heilt frå vi starta om morgonen. Vi stod alltid nede på Karl Johan, på kvar vår side av gata. Vi speida heile vegen, seier Berit.

Seinare flytta paret til Førde. Der var Reidar Tveit ordførar mellom 1968 og 1980. Og der starta dei med å gå i tog.

– Etter barnetoget samla alle seg på festplassen. Då var det eggeløp og alle slags leiker, og taler for dagen. Eg trur eggeløp og leikene er tatt litt vekk i dag.

I år feirar dei nok ein gong i Førde. Alderen legg ingen dempar på festplanane.

– Vi kan gå rett ned å sjå på toget. Seinare skal vi ut å ete og så skal vi i Førdehuset på kvelden, fortel Berit Tveit.