Hopp til innhold

Slik feira russen natt til 1. mai

Natt til 1. mai samla mange hundre russ og ungdom seg på Festplassen i Førde. Nokre kosa seg på dansegolvet, andre ved elvekanten.

Det har i mange år vore tradisjon at russen feirar her natt til 1. mai. I år som i fjor var det delar av utelivsbransjen som stod bak arrangementet. Tre DJ-ar spelte og det var lys-og lasershow.

– Det var 300-400 ungdommar som dansa framfor scena, så det var god stemning, seier medarrangør Arne Øvrebø.

Men sjølv om Øvrebø har inntrykk at dei fleste var nøgde, var det russ som klaga på at dei måtte betale seg inn på eit område som før har vore ope og gratis.

752 billettar

Russetreff i Førde 2011

NØGD: Medarrangør Arne Øvrebø har inntrykk av at folk kosa seg på festen.

Foto: Simon Solheim/NRK

Totalt selde dei 752 billettar i går. Arrangementet er retta mot russen, men er ope for alle over 16 år. Øvrebø er nøgd med billettsalet og fortel at dei går i pluss.

I fjor gjekk dei på ein økonomisk smell, og difor gjorde dei nokre endringar i år.

– Vi har kutta kostnader og senka billettprisen slik at vi fekk fleire innom portane.

Sneik seg både inn og ut

Russetreff i Førde 2011

PASSA PÅ: Mykje politi var ute i Førde i går kveld.

Foto: Simon Solheim/NRK

Inntrykket hans er at det gjekk fint føre seg på festen, sjølv om ikkje alle ville betale for seg.

– Det er ungdom i ein opprørsk alder, så nokre prøvde å snike seg inn. Vi hadde også dei som sneik seg ut ved å klatre over gjerdet. Vi hadde til og med folk som prøvde å lure seg inn og som hadde gyldig billett. Det forstår eg ikkje heilt vitsen med, fortel han.

Klaga på musikken

Musikken som dundra ut høgtalarane høyrdes godt i delar av Førde sentrum. Øvrebø seier fekk ein telefon frå politiet i eitt-tida i natt.

– Dei hadde fått inn fleire klager på musikken, men vi hadde lov å spele til klokka to, seier han.

Kosa seg ved elva

Nedrebø tok seg i løpet av kvelden ein rusletur ved elvekanten og der såg han fleire som kosa seg i den milde natta.

– Det var fleire par nedover som såg ut til å hygge seg veldig, for å seie det sånn, ler han.

Roleg for hjelpekorpset

Førde Røde Kors Hjelpekorps stilte med sju sanitetsvakter. Dei meiner feiringa var roleg, med berre små kuttskader etter fall. Det var mykje politi i Førde i går kveld og det virka som om både russ og andre oppførte seg bra.