NRK Meny
Normal

Slik feira Høyanger 100 år som industristad

Prisane på aluminium har ikkje vore så låge sidan finanskrisa. Grunnen er stor eksport frå Kina. Men i Høyanger ser dei likevel lyst på framtida når dei denne helga feirar 100 år som industristad.

Prisane på aluminium har ikkje vore så låge sidan finanskrisa. Grunnen er stor eksport frå Kina. Men i Høyanger ser dei likevel lyst på framtida når dei denne helga feirar 100 år som industristad.

FEIRA 100 ÅR SOM INDUSTRISTAD: Kaker og store smil var det mykje av når Høyanger hadde storfeiring. På biletet ser du Wenche Eldegard, plassjef ved verket i Høyanger, tillitsvald Billy Fredagsvik og sjef i Norsk Hydro, Svein Richard Brandtzæg. (Foto/redigering: Heidi Lise Bakke).

– Gratulerer alle saman, byrja sjef i Norsk Hydro, Svein Richard Brandtzæg då han talte til dei frammøtte på aluminiumsverket i Høyanger fredag.

Han var i dag ein sjølvskriven gjest i industribygda, for nettopp aluminiumsverket er det Høyanger er bygd opp rundt og kjent for. Ordførar Petter Sortland seier dei aldri var i tvil om å dele arrangørrolla med nettopp Hydro som i dag driv verket.

– Metallverket eller verket har betydd alt for Høyanger kommune, og det er industristaden Høyanger vi no skal feire. Dette skal bli ein folkefest.

Prisane ned 20 prosent på kort tid

Men sjølv om det i dag var både talar, underhaldning og kaker og kaffi i massevis, er det ikkje til å stikke under ein stol at det er ei viss uro rundt aluminiumsverket. Hydro merkar den internasjonale konkurransen stadig meir.

Kina eksporterer no aluminium i stor stil til sine marknader i vest, og har på kort tid pressa ned aluminiumsprisane med 20 prosent.

– Det ser ikkje veldig lyst ut akkurat i dag, men av erfaring veit vi at det som går ned også går opp. Så når oppturen kjem skal vi vere klare, seier tillitsvald i Høyanger, Billy Fredagsvik.

Svein Richard Brandtzæg på aluminiumsverket i Høyanger

SKRYT: Sjef i Norsk Hydro, Svein Richard Brandtzæg var full av lovord om arbeidet dei tilsette ved verket i Høyanger har lagt ned. – Med den sterke bedriftskulturen som er her, så er eg veldig optimistisk for dei neste hundre åra, sa han.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Størst er ikkje alltid best

Saman med dei andre verksarbeidarane gler han seg over den sterke posisjonen verket har opparbeidd seg gjennom 100 år.

– Høyanger metallverk har alltid vore eit føregangsverk, og det skal vi halde fram med å vere, seier han.

Andre stader i verda blir det bygd opp gigantiske aluminiumsverk som er ti gonger så store som verket i Høyanger. Det treng ikkje bety at det er fare for framtida, seier sjefen i Norsk Hydro.

– Verket i Høyanger er mykje meir konkurransedyktig enn til dømes våre kinesiske konkurrentar. Dei har lågare kostnader, dei er meir produktive og leverer betre produkt. Difor er det ikkje om å gjere å bli størst mogleg alltid. Det er mykje viktigare for Høyanger at vi har eit livskraftig verk som har framtida framfor seg, seier Svein Richard Brandtzæg.

– Framtida ser veldig bra ut

Han konstaterer at prisane på aluminium ikkje har vore lågare sidan finanskrisa, men vil ikkje svartmåla framtida for Høyanger som industristad av den grunn.

– No er det slik at Høyanger har vore ute ei vinternatt før. Dei har overlevd to verdskrigar, depresjonen på 1930-talet og den store finanskrisa i 2008/2009. Det som er karakteristisk for Høyanger verk er at dei har kome styrka gjennom alle krisene.

– Sjølv om prisane no er låge, så sel vi veldig mykje avanserte produkt herifrå som vi tener mykje på, seier Brandtzæg. Framtida til Hydro og Høyanger som aluminiumsverk ser veldig bra ut.

Kakefest for Høyanger som feira 100 år som industristad

KAKEFEST: Blautkake blir det mykje av i Høyanger denne helga. Her frå markeringa på aluminiumsverket til Hydro fredag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå