Hopp til innhold

Slik feira elevane dansens dag

Torsdag vart dansens dag markert verda rundt - også i Sogn og Fjordane.

Dansens dag er ein felles internasjonal dag for dansarar på alle nivå og innan alle sjangrar.

I Førde vart dette markert av danseglade elevar frå Sunnfjord Folkehøgskule i sentrumsgatene torsdag.

Mellom måla for dansens dag er å auke merksemda kring dans som kunstform, og å påverke styresmaktene over heile verda til å inkludere dans i alle utdanningssystem - frå grunnskule til høgare utdanning, skriv danseinfo.no.

I Norge har dansens dag blitt markert sidan 1999.

Elevane ved Sunnfjord Folkehøgskule dansa og hoppa rundt på handelssentera og i lyskryssa i Førde. Folk som sat i bil og venta på den grønn mann i lyskryssa fekk seg dermed ei overrasking i form av ei lita danseoppvising...