Hopp til innhold

Slik feira dei økonomisk fridom i Vik

VIK (NRK): Berre to kommunar i landet har vore lenger på staten si økonomiske svarteliste enn Vik. Etter 13 år håpar kommunen å ta eit endeleg farvel med Robek.

Robek-kakefest i Vik

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gav kake til kommunestyret i Vik då årsrekneskapen til Vik for 2015 blei godkjent og Vik kunne melda seg ut av Robek-registeret, 28. april 2016. Frå venstre: Kåre Træen og Gunnar Hæreid frå Fylkesmannen, rådmann i Vik Oddbjørn Ese og ordførar Olav Turvoll

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er nok ein stor dag i Vik i dag. Det har vore eit kontinuerleg jag etter å finne tiltak som gjer at vi handterer det, og eg har sett fram til ein kvardag der vi kan skifte fokus til å få ting til, seier rådmann Oddbjørn Ese.

Han har alltid vore rådmann i ein kommune som er sett under statleg administrasjon, og må få godkjent eit kvart låneopptak av staten. I dag kom kommunen seg endeleg ut av Fylkesmannen si økonomiske svarteliste, Robek.

– Det betyr at vi ikkje har vore herre i eige hus. Det har vore betydelege utfordringar, seier Ese.

Innbyggjarane har betalt for friskmeldinga

Robek-registeret vart oppretta i 2001, og sidan då har Vik vore fast inventar utanom eit år. For innbyggjarane har den økonomiske stoda ført til nedlegging av ungdomsskulen i Fresvik, dei eldre på sjukeheimen i Vik har mista arbeidsstova si og det er innført

Robek-kake til Vik frå Fylkesmannen

UT AV ROBEK: Etter 15 år på svartelista vart utmeldinga feira med kake.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

eigedomsskatt.

– Innbyggjarane har bidrege med 40 millionar kroner desse åra. Vi har fått stor hjelp frå staten med 30 millionar i skjønnsmidlar, og så er det ein stor pott som er henta inn via driftsinnskrenkingar, forklarar rådmannen.

Då Terra-saka small i 2007 var Vik ein av dei involverte kommunane. I fjor kom partane til eit forlik, noko som gjorde at kommunen såg lys i enden av tunnelen. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som i dag spanderte kake er klar på at kommunen har lagt ned ein stor jobb for å kome i mål med den økonomiske hestekuren.

Åtvarar mot økonomisk frislepp

– Dette er absolutt verdt å feire. Det har vore krevjande for dei, men dei tok tidleg tak, auka inntektene sine og belasta innbyggjarane med eigedomsskatt og kutt i tenester. Der er nok etterslep på vedlikehald no og dei har halde tilbake på investeringar, så det ligg nok ting dei må ta tak i no, seier Kåra Træen hjå Fylkesmannen.

Sjølv med kake på bordet på staten si rekning, så åtvarar han kommunen om å gå løpsk med investeringar og pengar framover.

Fylkesmannen takka Vik for innsatsen med å koma ut av Robek.

ØKONOMISK HESTEKUR: – Vik kommune har gjort ein god jobb, sa Kåre Træen (t.h) og assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Gunnar O. Hæreid, då dei troppa opp med kake for å feire at Vik er ute av Robek.

– Vi åtvarar spesielt på lånesida, om at investeringsiveren blir for stor og lånegjelda for høg. Då blir det mindre igjen til innbyggarane.

På kommunehuset gler rådmannen seg til ein ny kvardag, og sjølv om han meiner det er grunn til å feire, trur han ikkje Vikjene vil merke skilnad med det første.

– Det blir nok ingen store endringar for den enkelte Vikje i høve dagane som kjem.