NRK Meny
Normal

Lars var den som prøvekøyrde Aurlandsvegen

AURLAND (NRK): – Vi skulle berre sjå om det gjekk å køyre buss over fjellet. Det var trongt og vi måtte rygge i nokre svingar, fortel Lars Skahjem.

Øystein Skahjem og Lars Skahjem

FEIRA: Lars Skahjem (t.h.) og Øystein Skahjem var blant dei første som tok i bruk Aurlandsvegen mellom Aurland og Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I år er det 50 år sidan Aurlandsvegen mellom Aurland og Lærdal vart opna. Dette vart storstila markert då vegen, som no er Nasjonal Turistveg, vart opna for sesongen.

Veteranbusstur over 50-årsjubilanten Aurlandsfjellet

VETERAN: Mange nytta høve til ein tidsmessig rett transport og følgde veteranbussen over Aurlandsfjellet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Øystein Skahjem frakta både passasjerar og gods over fjellet.

– Det var veldig trongt oppi der, med mykje stabbesteinar langt ut i vegen, mimrar Øystein Skahjem.

– Det hende vi stod fast

Dei to er skjønt samde om at det er andre tider no enn då. Verdas lengste tunnel, Lærdalstunnelen, har korta reiseavstanden mellom bygdene til kring ein halvtime. Men Aurlandsvegen gjorde sin misjon då den på 60-talet knytte saman Lærdal og Aurland.

Vegen vart offisielt opna i 1967 etter initiativ frå bygdefolket.

Aurlandsvegen vart offisielt opna i 1967.

SJÅ: Slik såg det ut då fylkesmann Nikolai Schei offisielt opna Aurlandsvegen i 1967.

– Vi køyrde til snøen kom. Det hende vi stod fast med motorstogg og slikt, men stort sett gjekk det bra over fjellet, fortel Øystein Skahjem.

Ingen HMS

Johannes Stundal og John Turlid

ARBEIDDE: Både Johannes Stundal og John Turlid var med å byggje vegen over Aurlandsfjellet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Torsdag var det feiring av den kring fire mil lange vegen over Aurlandsfjellet. Spesielt inviterte følgde veteranbuss over fjellet. Mellom desse var Johannes Stundal, som var i 20-åra då han var med å byggje vegen.

Det i ei tid der helse, miljø og sikkerheit var eit ukjent omgrep.

– Vi hadde gjorde ting på våre eigne måtar, og ofte tok du ikkje omsyn til tryggleik eller noko, humrar Stundal og kjenner seg trygg på at arbeidsforholda då aldri hadde blitt godkjent.

87 kroner meteren

Noralv Distad under markeringa av 50-årsjubileet til vegen over Aurlandsfjellet.

TALE: Aurland-ordførar Noralv Distad held tale under markeringa av 50-årsjubileet til Aurlandsvegen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Den gang vart det aller meste utført gjennom handarbeid. Boring, sprenging, muring og legging av stikkrenner vart utført med handmakta. Ofte på lukke og fromme. Stundal hugsar godt ei sprenging i den øvste svingen.

– Vi hadde bora 30 hol og tre menn skulle kveike luntene. Den eine vart nok litt nervøs og kveika på tre lunter før det tok fyr i øskja. Vi andre kveika og kveika medan det small nedanfor oss. Det hadde nok ikkje gått i dag, humrar han.

Veteranbusstur over 50-årsjubilanten Aurlandsfjellet
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Noko anna som ikkje hadde gått i dag, er å byggje vegen til ein kostnad av 87 kroner løpemeteren. Det var nemleg prisen på vegen då. Til samanlikning kosta ein meter veg mellom 50.000 og 100.000 kroner i 2014 .

Nasjonal turistveg

Aurlandsvegen vart finansiert med 300.000 kroner i lån frå bygdefolket, 250.000 kroner frå Oslo Lysverker, 75.000 kroner frå Landbruksselskapet og resten som lån. Det var bompengar fram til tidleg på 1980-talet.

I 2000 opna 24.500 meter lange Lærdalstunnelen. Medan Aurlandsvegen kosta 2,3 millionar i 1967, kosta tunnelen ein milliard kroner.

Aurlandsvegen er no fylkesveg og Nasjonal Turistveg. I juli i fjor køyrde det 400 bilar per døgn over fjellet.

Aurlandsvegen

I DAG: Aurlandsvegen er utsett for både snø og vind, og er stengd på vinterstid. På sommarstid likar derimot mange å køyre denne vegen når ein skal frå Aurland til Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå