Hopp til innhold

Slik feira borna premieren på sin eigen TV-serie

FØRDE (NRK): Raud løpar, finstas og pølse med brød. Det var høgtidsstemning då NRK Super hadde premierefest på dokumentarserien «Bli med heim» i Førdehuset i ettermiddag.

Premierefest for Bli med heim

SJÅ BILETA: Det vart storstila markering av NRK Super sin nye dokumentarserie.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Benhur Gebreyesus Twelde saman med bror sin, Berhane.

BENHUR: Niåringen Benhur Gebreyesus Twelde (t.h.) frå Vassenden hadde mellom anna med seg bror sin, Berhane, på premierefesten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Med det var ventetida over for dei ni borna som gjennom årets to første månader inviterer NRK Super-sjåarane med heim.

– Eg håpar dei tykkjer det er ein gøy serie. Det var i alle fall gøy å sjå meg sjølv, smiler Benhur Gebreyesus Twelde frå Vassenden i Jølster.

Vil auke toleransen

I ettermiddag var det storstila premierefest i Førdehuset, der hovudpersonane og familiane feira seg sjølve og serien. Gjennom serien, som er laga av NRK Super si avdeling i Førde, møter sjåarane born som veks opp i ulike heimar.

Det var raud løpar og høgtidsstemning då NRK Super hadde premierefest på dokumentarserien «Bli med heim» i Førdehuset i ettermiddag.

SJÅ: Alle dei ni borna som TV-publikumet får møte i januar og februar var med på premierefesten tysdag.

Producer Eva Westvik fekk ideen medan ho var på ferie for 2,5 år sidan. Ho håpar å gje born kunnskap om det som er litt annleis.

Producer Eva Westvik (bak til høgre) saman med «Bli med heim»-borna.

NI BORN: Producer Eva Westvik (bak til høgre) saman med «Bli med heim»-borna.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er nokre historier som born kring om i Norge, men også småbarnsfamiliar, skal kunne lære av, reflektere over og la seg underhalde av. Håpet mitt er at det aukar toleranse og vidsyn i den yngste målgruppa til NRK Super, seier ho.

Lang ventetid

Historia om Benhur er historia om ein flyktning frå Eritrea, som venta nesten åtte år før han fekk klemme pappaen sin. Leah Smørdal Kvist frå Bergen har vakse opp i ein ekte sirkusfamilie, medan Anna Sussmann har to mammaer.

Dei tre er samde om at ventetida på det ferdige produktet har vore lang.

– Det har vore litt mykje venting og masing, men også veldig gøy, tykkjer Leah.

– Det vart mykje stopp då vi filma. Vi måtte gjere ting om att og om att dersom vi gjorde feil, fortel Anna.

Og no gler dei seg til at vener og born i heile landet skal få bli med dei heim.

– Det blir litt flautt, men også litt gøy. Mamma og pappa har vist den til mange vener og heile familien allereie. Dei tykkjer den er veldig bra, seier Leah.