Hopp til innhold

Slik får du gode bilete av måneformørkinga

– Dette blir ganske stilig. Kom deg opp i høgda og førebu deg. Det er rådet frå hobbyastronom og fotograf Runar Sandnes.

TOPSHOT-TURKEY-SYRIA-SPACE-ASTRONOMY

RØD MÅNE: Fredag kveld kjem månen av horisonten formørka. Dette kan dei fleste i Noreg få med seg, dersom dei sørger for fri sikt mot søraust.

Foto: OZAN KOSE / AFP

Fredag kveld kan du sjå ei heilt spesiell måneformørking. Månen vil komme opp frå horisonten heilt blodraud, noko som kan bli eitt flott syn. Det vil ta 11 år før vi får oppleve noko liknande igjen.

Frilansfotograf Runar Sandnes i Gloppen er langt over snittet interessert i astronomi.

– Dei totale måneformørkingane er veldig spesielle. Dette er vel kanskje ein av dei flottaste måtane månen kan framstå på, med ein mørk og raud farge.

Vend blikket mot sør

Men korleis kan vi få best mogleg bilete av månen i kveld? Sandnes seier det er viktig å komme seg opp i høgda.

– Månen har akkurat kome opp når formørkinga startar. Dess høgare du kjem, jo meir klar horisont du har mot sør og søraust.

Sjølv oppsøkjer han gjerne stader på førehand for å finne den beste plassen å vere.

– Vi som er litt meir dedikerte, sjekkar vinklar og høgder på førehand for å finne den rette komposisjonen.

Viktig å prøve seg fram

Han seier det er lurt å prøve å få med litt av landskapet rundt, og ikkje berre ta bilete av sjølve månen.

– Månen vil stå lågt over horisonten. Det betyr at han står fint til i forhold til fjellformasjonar eller bygningar. Så skal du ha eit fint bilete, tenk på å setje månen inn ein kontekst.

Eit anna råd er å tenkje på eksponeringa slik at bilete blir best mogleg.

– Fullmånen er lyssterk og krev korte eksponeringar, men når månen går inn i jorda sin heilskugge så droppar lysintensiteten ganske kjapt. Då er det lite lys som treff månen, difor bør du ha stativ og bruke eit par sekund eksponeringstid. Her er det viktig å prøve seg fram. For det er vanskeleg å seie kor mørk formørkinga blir.

Kan bli litt skyer

Men ikkje alle har kamera med moglegheiter for avanserte innstillingar.

– Mobilkameraet har litt avgrensingar når det gjeld brennvidda, altså zoomen. Månen er ganske liten, han blir som ei tommelfingernagl på ei armlengds avstand.

Statsmeteorolog Steinar Skare ved Vervarslinga på Vestlandet er optimist med tanke på vêret i kveld, men seier det kan komme eit lett slør av skyer i kveld.

– Den totale fasen startar i 21:30-tida, og vi håper det ikkje blir for mykje skyer. Men det blir uansett ein pen og varm kveld.

FORKLART AV NASA: Her kan du sjå kvifor det blir måneformørking.