NRK Meny
Normal

Slik får du fyr i peisen – ei annleis juleforteljing

KÅSERI: Om du spør nordmenn om dei kan det å få fyr i omnen, vil nok dei fleste svare eit overbevisande ja. Det gjer også faren som har hovudrolla i forteljinga me snart skal få høyre.

Peis

FYR: Skal du få fyr i peisen er det avgjerande med årelang erfaring. Eventuelt gode råd frå forskingsinstituttet SINTEF.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Julekalenderen som heng på stoveveggen er nesten reinska for gåver. Eit sikkert teikn på at ventetida nærmar seg slutten. Mor får sett det siste brettet med peparkaker inn i omnen, når blåleg skumring blir til stummande mørke utanfor vindauget. Blåleg blir også gradestokken. Og der kjem far inn døra med ein stor famn ved i hendene. Å fyre i peisen har alltid vore far si oppgåve i julestria.

Men denne dagen sprett minstejenta opp frå sofaen. I hendene har ho ein forskingsartikkel frå SINTEF og den viftar ho ivrig framfor auga på far. «Vedfyringens ABC» står skrive med tjukke bokstavar. Den har lært jentungen korleis du kan fyre i omnen på ein meir miljøvenleg og effektiv måte. Og no er det på tide for far å lære seg nokre nye triks.

For det fyrste må du ha tørr ved. For du veit det at når veden blir varm, så fordampar vatnet som er att inne i kubbane. Og då synk temperaturen i omnen. Jo da. Tørr ved, det hadde han jo sjølvsagt. Far nikkar stolt og slår to kubbar mot kvarandre. Ein hol lyd tydar på at vedkubbane, dei er fine og turre.

Vedstabel

TØRR VED: Det er eit must. Har du ikkje det, kan du like godt gje opp.

Foto: Colourbox

For det andre, så må du berre fylle opp tjuefem prosent av omnskammeret. For om det blir for mykje, då blir det ikkje nok luft. Og då kan det visst bli sprengfyring. Og då slepp mange forureinande gassar ut. Ikkje varmar det så godt heller. Nei, sprengfyre, det vil han jo ikkje. Han ser seg ut eit par-tre kubbar, og legg dei inn i omnsrommet. Med stødig hand plasserer han opptenningsbriketten mellom veden, og skal til å tenne fyrstikka.

Men igjen raslar det i papir frå ein forskingsartikkel. Pappa då, det er ikkje slik ein skal gjere det. Du må leggje dei største kubbane nedst, og dei minste oppå dei att. Og så legg du tennbriketten på toppen. Nei, det går ikkje an, skyt far inn, og tenkjer tilbake på alle dei gongene han mot all formodning har fått fyr i bålpanna, trass i stormande vind og ausande regn.

Vedfyring

IKKJE FOR FULLT: Det kan vere freistande å stable peisen full av ved, for ekstra langvarig hygge. Men det er ikkje lurt.

Foto: Scanpix

Men jentungen insisterer: Når du tenner på toppen, då blir det fortare varmt inne i omnen. Og dei kubbane nedst, dei gir ut gassar som blir påtent av varmen på toppen. Slik brenn bålet godt, utan å sleppe ut så mange farlege gassar.

Far hadde ikkje så mykje å slå i bordet med av harde fakta. Han såg seg nøydd til å gjere som den lærelystige veslejenta sa. Tretti års erfaring med vedfyring måtte frå denne dagen vike for forskingsresultat.

Og forhåpentlegvis brenn det enno i omnen heime hjå familien Gran. Og det på ein meir miljøvenleg og effektiv måte enn nokon gong.

Kjelde: Vedfyringens ABC frå SINTEF

Vedfyring
Foto: Edny Rønne
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser