Hopp til innhold

Slik får du betre kontroll

Les av straummålaren din ofte, for då kan du spare mykje pengar.

Montør Rolf Jacobsen

LES AV OFTE: NVE rådar deg til å lese av målaren ofte.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Dette rådet kjem frå seksjonssjef Thor Erik Grammeltvedt i NVE. Den anstrengte kraftsituasjonen gjer at det er venta høge straumprisar i lang tid framover.

NVE rår difor folk til å lese av målaren regelmessig og ofte, slik at du til ei kvar tid betaler for den straumen du brukar.

Du kan lese av straumen kvar veke

Thor Erik Grammeltvedt, NVE

GIR RÅD: Thor Erik Grammeltvedt i NVE.

Foto: NVE

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har eit klart råd til dei som ønskjer å spare straum i dyrare periodar:

– Les av straummålaren regelmessig og med korte mellomrom for at sparinga skal få full effekt.

Nettselskapet som leverer straum til deg er nemleg pliktig til å registrere dei innsende målarstandane som dei får frå kundane sine, og som straumforbrukar kan du lese av målaren kvar veke om du ønskjer det.

– Skal du reise bort i ein lengre periode då det er høge straumprisar, bør du sørge for å lese av målaren før du dreg og like etter du kjem heim. På den måten blir det registrert at du ikkej har brukt mykje straum i høgprisperioden. Dette er det dessverre mange som ikkje veit, seier Grammeltvedt i NVE.

Du betalar for gjennomsnittet

Vanlegvis blir målarstanden lesen av kvar andre eller tredje månad, og nokre les berre av ein gong i året. For dei som rapporterer inn målarstanden til nettselskapa, blir mengden straum som blir brukt mellom avlesingane registrert.

Nettselskapet veit ikkje kor tid den enkelte har brukt straum mellom avlesingane, og forbruket blir fordelt etter korleis gjennomsnittet har brukt straum i den aktuelle perioden.

Det betyr at dei som sparer på straumen i dyre periodar utan å registrere målarstanden i desse periodane, får ei rekning der prisane er basert på gjennomsnittleg forbruk blant alle straumkundane til nettselskapet.

NVE sitt råd er å lese av målaren og rapportere inn målarstand minst ein gong i månaden, og gjerne oftare i periodar med høge kraftprisar.

Avanserte målarar

Fleire nettselskap har installert nye avanserte målarar i hushaldningane, som kan registrere forbruket kvar time.

Dermed blir dei korrekte målarstandane sende til nettselskapet utan at ein sjølve treng å lese av målaren.