Hopp til innhold

Slik får born ein god skulestart

Måndag er det skulestart i Sogn og Fjordane og tusenvis av born og unge skal tilbake på skulebenken. Men det kan vere både skummelt og krevjande etter ni veker skuleferie.

Vibeke Barlund Fraas

SKULESTART: Helsesøster Vibeke Barlund Fraas har gode råd for korleis overgangen frå ferie til kvardag skal bli enklast mogleg for store og små.

Foto: Anna Gytri / NRK

Dei fleste av oss har nok erfart at rutinane kan skli litt ut i ferien, og då kan det vere tungt å komme i gjenge att.

– Det kan ta litt tid og vi må rekne med at det blir litt haltande dei to første vekene etter ferien, seier helsesøster Vibeke Barlund Fraas.

Ho har nokre tips for at overgangen frå ferie til jobb og skule skal gå så knirkefritt som mogleg.

  • Snakk med ungane om det som ventar, at på måndag er det kvardag igjen. Snakke litt om kva som skje ut over i veka, dersom ein har ulike aktivitetar.
  • No i helga kan ein stå opp litt tidlegare og legge seg tidleg.
  • Ikkje la ungane sove middag, då forlengjer ein tida det tar før ein kjem i gjenge igjen.
  • Vær ute og i aktivitet og bruk siste helga til noko fornuftig.

– Før vekkarklokka ringer på måndag morgon er det viktig at vi har på plass dei grunnleggande behova som søvn og mat, og at ungane er trygge på det dei skal. For nokre kan de vere viktig å ha avtalt på førehand med bestevennen at dei kan gå på skulen i lag. For andre er det fotballtreninga på måndag ettermiddag som er det viktigaste, seier Barlund Fraas.

For mange vert måndagen ekstra spennande, anten fordi det er aller første skuledag, eller fordi den nye skuledagen inneber endring av det som var før.

– Dersom du ser at ungen din går rundt og gjerne har det litt vanskeleg så prat med ungen om det dei opplever som vanskeleg. Fortel at det er vanleg å grue seg litt til noko som er nytt, seier Vibeke Barlund Fraas.