NRK Meny
Normal

Snøskred sperrar vegen over Strynefjellet - blir stengt fram til onsdag

Rv. 15 over Strynefjellet er no stengt etter eit snøras. Vegen vil ikkje bli opna før tidlegast 3. juledag.

Strynefjellet stengd av snøras 1. juledag 2017

SNØSKRED: Eit snøskred har gått i rasutsette Grasdalen på rv. 15 over Strynefjellet.

Foto: Statens vegvesen

– Det er framleis uvisst kor stort omfang skredet er på. Brøytemannskapa er på staden, men det kan hende det må inn ein geolog for å vurdere situasjonen, seier trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen aust, Trude Lindstad til NRK.

Like etter NRK snakka med vegtrafikksentralen, har dei bestemt seg for å hente inn ein geolog for å vurdere situasjonen.

Laster Twitter-innhold

Dei fekk meldinga om skredet i Grasdalen på Strynefjellet like før klokka 11.00 1. juledag. Rv. 15 over Strynefjellet er dermed heilt stengt, og etter vuderingar frå geologen blir vegen stengt både 1. juledag og 2. juledag.

Ny vurdering blir tatt onsdag klokka 09.00.

Ingen personar skal ha vore involvert i skredet.

Det har vore meldt om stor skredfare dei siste dagane, difor vil vegvesenet vurdere nøye å få inn ein geolog før dei eventuelt opnar vegen.

Slik er det på fjellovergangane no

Vegen over Vikafjellet var stengt stengt ei god stund, men der er det no opna opp att for fri ferdsle.

I går var det kolonnekøyring og stengingar på ei rekkje av fjellovergangane i Sør-Norge, men hittil i dag er det berre på rv. 7 over Hardangervidda det har vore kolonne. Den vegen er no opna att for fri ferdsel etter oppryddingsarbeid. Slik er det på fjellovergangane no:

  • Ev. 16 Filefjell: Snø- og isdekke, klokka 05.40 var det null grader, laber bris og lette snøbyer.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Stengt på grunn av snøras i Grasdalen. Brøytemannskap er på staden, men uvisst når vegen kan opne
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke. Klokka 05.30 var det to minusgrader, frisk bris og snøbyer.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Ope for fri ferdsel.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke, store køyretøy bør bruke kjetting. To minusgrader, laber bris og opphaldsvêr klokka 07.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Snø- og isdekke, minus to grader, laber bris og snøbyer.

  • Ev. 134 Haukelifjell: Vekslande snø- og isdekke. Klokka 05.45 var det ein minusgrad, frisk bris og kraftig snøfall.

Vegopning på Bergum i Førde kommune