Her er statusen for fjellovergangane i Sør-Norge 1. juledag, sist oppdatert frå Statens vegvesen klokka 22.00:
- Ev 16 Filefjell: Snø- og isdekke. Stiv kuling og snøbyger.
- Ev 134 Haukelifjell: Open for normal trafikk etter kolonnekøyring. Frisk bris og snøbyger. Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti.
- Rv 7 Hardangervidda: Stengt, blir ikkje opna 1. juledag.
- Rv 13 Vikafjellet: Stengt, blir ikkje opna 1. juledag.
- Rv 15: Strynefjellet: Kolonnekøyring.
- Rv 52: Hemsedalsfjellet: Open for normal trafikk etter kolonnekøyring
- Fv 50: Hol - Aurland: Stengt på grunn av uvêr.
- Fv 53: Årdal - Tyin: Stengt inntil vidare.
Grønne marker, regn og sterk vind har prega julefeiringa mange stader i landet. Men med mildvêr i låglandet, blir køyreforholda ofte vanskelege i fjellet.
– Skal du køyre over fjellet er det viktig å ha med nok mat og drikke, varme klede og nok drivstoff til å bli ståande lenge, er oppmodinga frå trafikkoperatør i Statens vegvesen, Roger Nedberge Hille.