Hopp til innhold

Slik er stoda for vêr og veg nyttårsaftan

Sterk vind over heile fylket førte onsdag til treveltar på vegane, innstilte ferjesamband, brannar med meir. Torsdag morgon er situasjonen betra.

Velta tre stenger veg

TRE I VEGEN: Vegen mellom Kjøde og Otnes i Selje kommune var blant fleire vegar som måtte stengjast på grunn av tre eller andre gjenstandar i vegen onsdag. Desse vegane vart opna att i løpet av onsdag kveld.

Foto: NRK.no-tipsar

Desse strekningane er stengt eller har redusert framkome klokka 11.25:

  • Riksveg 5 Ferjestrekningen Mannheller-Fodnes: redusert kapasitet - ferje B er innstilt. Vil ikkje bli sett inn ny ferje før tidlegast 1. nyttårsdag.
  • Riksveg 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna nyttårsaftan.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekjøring på grunn av uvêr.

Onsdag og delar av torsdag var også fleire andre vegar i Bremanger, Vågsøy og Selje stengde på grunn av velta tre og andre gjenstandar i vegbanen. Men desse er opna att.

Vinden vil auke på igjen

Vinden herja kraftig over heile fylket i går, nokre stader meir enn andre. Også for torsdag er det sendt ut OBS-varsel frå meteorologisk institutt.

Torsdag ettermiddag er det venta ny auke til søraust liten storm. Det er meldt lokale vindkast på 25 til 30 meter per sekund i låglandet og fare for snøfokk og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

For torsdag er det også meldt regn og regnbyger, snøbyger over 500-800 meter.