Slik ser det ut på Hemsedalsfjellet måndag morgon

Hemsedalsfjellet er opna att, men fleire vegar er framleis stengde etter det kraftige uvêret som har herja med Vestlandet i helga.

Hemsedalsfjellet måndag morgon 16. september 2019

VINTERFØRE: Skal du køyre mellom aust og vest måndag må du vurdere vinterdekk, seier Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

På riksveg 52 frå Lærdal til Hemsedal er det snø og sludd i høgda, noko som skapar store vanskar for køyretøy som ikkje er tilstrekkeleg skodd for vinterføre.

– Eit utanlandska vogntog har saksa og førarhytta har hamna i grøfta. Vi har folk på veg no for å rydde opp, sa Nina Heggernes i Statens vegvesen til NRK.

No er vogntoget fjerna og vegen opna att for fri ferdsel.

Store nedbørsmengder og kraftig vind har i helga ført til mange stengde vegar over heile Vestlandet. Måndag morgon er statusen denne:

  • Rv 52 Hemsedalsfjellet, opna for fri ferdsel
  • Fv 609 Førde Askvoll ved Hundsåna, opna for fri ferdsel.
  • Fv 63 Geiranger - Langvatn, stengd på grunn av uvêr.
  • Fv 63 Trollstigen, stengd, ny vurdering måndag.
  • Fv 60 Olden, manuell dirigering forbi flaumområdet.
  • Fv 314 Bergsdalen, framleis stengd ved Storfossdammen, ny vurdering klokka 12.00.
  • Fv. 610 Osen bru - Eldalsosen, stengd på grunn av flaum.
  • Fv. 8 Åkre, strekninga Oppedal - Hest, stengd på grunn av fare for ras.
  • Fv 13 Bårddalselvi bom, Gaularfjellet, oppryddingsarbeid.
  • Fv 55 Sognefjellet, venta opning kl. 11.00.
  • Fv 243, Nyheim - Lærdal, steng på grunn av uvêr
  • Fv 258, Videseter bom - Langvatnet og Gamle Strynefjellsveg, stengd på grunn av vanskelege køyreforhold.
  • Fv 313 Nesheim, stengd på grunn av oppryddingsarbeid

Oppdaterte trafikkmeldingar finn du heile døgnet på Statens vegvesen sine sider.