Hopp til innhold

Slik skal tremålshelten landa etter Brann-kampen

FOSSHAUGANE (NRK): – Går Sogndal på eit bananskal mot Jerv i kveld, vil ikkje Brann-sigeren lenger smaka like godt, seier Kristian Fardal Opseth.

Klare for ny fight i Sogndal.

HELTEN FRÅ BRANN-KAMPEN: Sogndal-spiss Kristian Fardal Opseth får fornya tillit i kampen mot Jerv i kveld.

Laster innhold, vennligst vent..

Søndag var han den store helten i Bergen då Sogndal vann 4-0 over Brann, ein kamp som allereie blir rekna som nesten like storveges som cupfinalen i 1976 og opprykkskampen mot Vålerenga i 2000.

Klokka 19:00 i kveld møter tremålsskåraren Kristian Fardal Opseth og resten av Sogndal-laget Jerv. Grimstad-laget har overraska alle, og ligg på 8. plass med 19 poeng, men vil med siger i kveld hamna på 2. plass og direkte opprykk.

Tre kampar på seks dagar

– Kampen i kveld blir på mange måtar tøffare enn mot Brann, og eg er veldig innstilt på å ta tre nye poeng. Brann-kampen vil smaka mykje betre dersom me vinn, seier Fardal Opseth.

For spissen frå Kaupanger og laget har sesongen så langt vore forvitneleg, men Sogndal er midtveges i ei tøff veke, med tre kampar på seks dagar.

Det er ei stor påkjenning iallfall for meg som har vore ute ei stund. Det handlar om å vera flink mellom kampane og få i seg nok mat og drikke og gjera alt ein kan for å restituera seg best mogleg, seier Fardal Opseth.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Bakke om laget

TØFF VEKE: Kampen mot Jerv er Sogndal sin andre i ei rekkje på tre kampar på seks dagar. Trenar Eirik Bakke er meir oppteken av at spelarane må lande etter Brann-sigeren.

Brekkhus inn, Kjemhus ut

Trass i hard konkurranse om spissplassane, og det krevjande kampprogrammet, har Fardal Opseth fått fornya tillit på topp. Den einaste endringa Sogndal-trenar Eirik Bakke har gjort er at unge Simen Brekkhus erstattar Lars Christian Kjemhus på midtbana. Den 18 år gamle tekniske vossingen får dermed debuten sin frå start. Sogndal mønstrar elles dette laget mot Jerv i kveld:

Stefan Hagerup - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås - Petter Strand, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Simen Brekkhus - Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth.

Laster innhold, vennligst vent..