Hopp til innhold

Uvêr i fjellet gir større skredfare mot helga

Ver forsiktig om du skal til topps i helga. Vind og nysnø gir betydeleg skredfare fleire plassar i landet dei neste dagane.

Topptur

PLANLEGG: Torsdag blir det dårleg sikt, vind og betydeleg snøskredfare i fjellet i store deler av landet. Sjekk Varsom.no og vêrmelding for ditt område før du legg ut på tur.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Nord i landet er skredfaren betydelig onsdag, Der er det slutt på finvêret dei hadde i påska. Snøvêr og vind gir fare for nysnøskred før snøen får satt seg ordentlig.

I fjellet sør i landet har faren vore moderat, men uvêr som er venta i fjellet torsdag vil gi auka skredfare også i sør.

– Torsdag er ikkje dagen for toppturar, seier Heidi Bakke Stranden ved snøskredvarslinga til NVE.

Laster Twitter-innhold

Vind og laussnø

Skredvarslinga melder betydeleg skredfare (faregrad 3) i store delar av fjellområda i Sør- og Nord-Norge torsdag.

– I sør er skredproblemet at det mange stader ligg laussnø på bakken. Det er sikkert fantastisk å køyre på ski no. Men torsdag kjem det meir vind og meir snø, og då blir denne snøen flytta over i leområda, forklarer Bakke Stranden.

I leområda er det fare for at laussnøen legg seg på eit svakt lag av rim. Då kan vekta av ein skiløpar vere nok til å løyse ut snøen til eit skred.

Også i Nordland og Troms er fokksnø inn i leområde noko av skredproblemet. Lengst nord i Troms og i Finnmark er skredfaren framleis meldt til moderat.

Oppdaterte varsel kvar ettermiddag

For dei som fekk smaken på vårskiturar i påska, er kanskje ikkje torsdag den rette dagen for å spenne på skia igjen.

– Det vil blåse veggimellom på fjellet, og mykje snøfokk. Så om du planlegg tur må du bu deg på veldig redusert sikt. Planlegg turen deretter, og legg opp til ein trygg tur, anbefaler Bakke Stranden.

  • Sjekk vêrmeldinga på Yr.no før du går på tur

Folka som lagar skredvarselet på Varsom legg ut nye oppdateringar klokka fire kvarr ettermiddag. Då oppdaterer dei varselet for dagen i dag, og to dagar framover.

– Så følg med når vi legg ut nye varsel kvar dag. Vi veit ikkje enda korleis det blir tettare mot helga, for mykje kan endre seg av vind og vêr fram tid, avlsutter Bakken.

skredvarsel

VARSOM: Hugs at det kan vere store lokale variasjonar for varsla i eit område. Følg med på fareteikn når du er på tur, og gjer eigne vurderingar for område du er i.

Foto: Varsom.no