Hopp til innhold

Statens vegvesen: La bilen stå dersom du ikkje absolutt må heim i dag

Det er venta skikkeleg dårleg vêr i fjellet og Statens vegvesen oppmodar folk som skal køyre mellom aust og vest til å la bilen stå og vente til onsdag. Det er også forseinkingar i flytrafikken.

Kolonnekø på Borlaug i Lærdalsdalen

VENTAR PÅ FJELLET: På Borlaug øvst i Lærdal møtes fjellovergangane Filefjell og Hemsedalsfjellet. Fleire bilar venta på å kome seg med kolonna på rv. 52. No er begge overgangane opne.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Per no så har vêret blitt dårlegare, og det skal gå frå vondt til verre utover ettermiddag, kveld og natta, seier trafikkoperatør Ronny Sleire i Statens vegvesen til NRK.

Tysdag morgon er det berre E16 over Filefjell som har ope for fri ferdsel av dei sentrale fjellovergangane.

Meteorologisk institutt melder om at vêret i fjellet vil bli dårlegare utover dagen. Frå i føremiddag vil vinden i langfjella auke til søraustleg sterk kuling. Til kvelden blir det meldt om vestleg full storm i enkelte område.

Vent til i morgon om du kan

– Det er vel kanskje den fjellovergangen mellom aust og vest i Sør-Norge som eg har størst tru på. Der trur eg dei vil klare å halde det ope det neste døgnet, seier Sleire.

Han oppmodar på det sterkaste bilistar som må ut på vegen over fjella i dag om å sjekke vegmeldingane og ber alle som kan det vente til i morgon utpå dagen med å køyre.

– Eg tilrår morgondagen som ein dag for heimfart. Har du anledning til å la bilen stå så er det ei betre løysing.

Kolonne på Bjøberg 2. juledag 2017

VENTAR I KØ: På rv. 52 stod bilar i kø for å kome seg med kolonna som skal over fjellet. Her ser vi venteplassen på Bjøberg på austsida av fjellet.

Foto: Statens vegvesen

Snøen legg seg på E6

Natt til i dag har det kome mykje snø på Austlandet som no har gått over til regn, det er ikkje meldt om store hendingar knytta til det dårlege vêret.

– Vi har alt av brøytemannskap ute. Det er ein del som ikkje er brøyta enda, men alt blir tatt etter tur, seier trafikkoperatør Trude Lindstad i Statens vegvesen.

På Oslo Lufthavn Gardermoen var ei av rullebanene stengt ein periode i føremiddag på grunn av underkjølt regn. Det har ført til at Norwegian har opptil 45 minutt forseinkingar.

Når det gjelde E6 langs Mjøsa ser det ut til at forholda er noko betre. Det er bart i spor, syner webkamera til Statens vegvesen. Men vidaree nordover, blant anna på rv. 3 er det vinterføre.

Slik er det på fjellovergangane

Statens vegvesen melder om følgjande situasjon på fjellovergangane i Sør-Norge 2. juledag:

  • E16 Filefjell: Ope for fri ferdsel. Stadvis redusert sikt.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Ope for fri ferdsel.
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring. Snødekke, minus tre grader og kraftig snø.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt på grunn av uvêr..
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Kolonnekøyring frå klokka 10.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Stengt på grunn av snøras. Ny vurdering onsdag morgon.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stengt for køyretøy under 7,5 tonn, kolonne for tyngre køyretøy.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Kolonnekøyring.

Sjef for Utrykkingspolitiet, Runar Karlsen har eit godt råd til dei som avsluttar julefeiringa og drar heim andre juledag:

– Følg med på vêrmeldinga, sjekk værforholdene der du skal køyre, avpass farten etter forholda og ta det med ro.