Hopp til innhold

Slik er livet etter døden for naustdalsulven

Då den såkalla naustdalsulven vart skoten i desember i fjor, fekk det stor merksemd, både positivt og negativ. No står ulven oppreist igjen, men kor den skal er enno usikkert.

Har stoppa ut naustsdalsulven

NYTT LIV: Då naustdalsulven herja i Sunnfjord i 2014 var det for nokon heilt klart at den måtte bøte på livet. Andre meinte det stikk motsette. Ulven vart uansett felt, og no står den utstoppa på Årdal i Jølster.

Foto: Harald Kolseth / NRK

For i «showrommet» til Vidar Aardalsbakke Djupvik i Årdal i Jølster finn ein i dag det store dyret som vart skote etter å ha herja i Sunnfjord i fjor haust. Ei av oppgåvene til Djupvik var å ikkje gjere den for skremmande.

– Det var nokre som brukte ordet publikumsvenleg ulv. Det trur eg at eg har fått til. Han ser ikkje skummel ut, men meir spørjande og vaken. Han følgjer litt med på kva som skjer bak seg, fortel han.

– Ei betent sak

Sjølv om mange senka skuldrene, jubla eller blei nyfikne då ulven vart skoten for eitt år tilbake, var det ikkje alle som såg like positivt på at ulven måtte bøte med livet. Fleire sauebønder som miste sauer til ulven vart usett for sjikane og trugsmål etter å ha argument for å skyte ulven.

Naustdalsulven utstoppa

STOR: Vidar Aardalsbakke Djupvik har prøvd å få ulven til å ikkje sjå altfor skremmande ut.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Og sjølv om det no er eitt år sidan ulven vart skoten er det framleis slik at ikkje alle vil snakke for høgt om kva som skal skje med ulven.

– Den er jo litt betent denne saka, kan du seie. Det er ikkje hemmeleg kor ulven skal, men det er ikkje bestemt. Eg tippar at han kjem til å få ein liten turné rundt i fylket, kanskje innom nokre museum og andre offentlege plassar, men det er usikkert enno, seier Djupvik.

Strenge reglar

Dette er ikkje det første rovdyret Djupvik har stoppa ut, og det er særskilt strenge krav til å kunne få lov til dette når det gjeld rovdyr.

– Det er ein del prosedyrar å følgje. Ein må søkje til Miljødirektoratet om å få behalde dei. Kroppen skal sendast inn til obduksjon og dei skal merkast med ein mikrochip. Det er strenge reglar for dette.

Vidar Aardalsbakke Djupvik

MANGE DYR: Både i utstillingsrommet og arbeidsrommet til Djupvik finn ein svært mange ulike dyr og fuglar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I tillegg til å vere dei dyra som er strengast krav til er også rovdyr det som er vanskelegast å stoppe ut, fortel Djupvik.

– All utstopping er krevjande, men det er noko ekstra med rovdyr. Blikket er viktig og så skal han open kjeft, det er ein del ekstra arbeid med det. Så krevjande er det, men det er spesielt gjevande med denne ulven her med den historia den har.