NRK Meny
Normal

Slik er livet bak scena på UKM

Under fylkesmønstringa i UKM er det like mykje som skjer bak som framom scenen.

Ine van Orschot og Izabela Wdowiak

SPENTE JENTER: Ine van Orschot og Izabela Wdowiak førebur seg på å opptre på UKM.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Intervju backstage med Ingvild og Tea

INTERVJU: Programleiar Eli Eikenæs Vengen i samtale med Ingvild og Tea på UKM si eiga nett-tv-sending.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK
Izabela Wdowiak og Oda Holthe øver til UKM

ØVER: Izabela Wdoviak og Oda Holthe med ei siste gjennomkøyring før dei skal på scena.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK
Tuva Nyhammer-Taklo

SPENT: Tuva Nyhammer-Taklo på veg inn til sitt dansenummer.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK
Yogaøving på UKM

YOGA: Trivselsleiar Marie Falkevik Tungevåg får med seg dei unge artistane på yogaøving før dei skal i elden.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK
UKM bak scena

MYKJE SOM SKJER: Fellesaktivitet kortar ventetida bak scena.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK
Backstage UKM

BAKOM: Slik ser scena ut når artistane ventar på å komme på.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK
Lena Førde

PROGRAMLEIAR: Lena Førde er ei av tre kvinner som losar deltakarar og publikum gjennom helgas UKM i Førde.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Storskjermen er på, stolane sett fram og det kriblar nervøst i magen. Rundt femti ungdommar sit spente og prøver korte ned ventetida med litt yoga. Mmmmmm, seier dei og prøver slappe av.

– Det var litt vondt, flirer Kristoffer Gjerde Sætren (12) frå Svelgen. Han spelar i bandet Raggsokk, er ganske så nervøs og ein av dei mange ungdommane backstage.

Eigen trivselsleiar

Nokon flirer, nokon sit spente og alvorlege, andre dansar og nokon klimprar på ein gitar. Det er liv bak scenen og mykje som skjer. Plutseleg er alle samla til leik, så litt meir øving før dei plutseleg er direkte frå greenroom på storskjermen i salen.

– Mitt mål er at det skal vere så kjekt her at folk vil vere her heile helga, fortel Marie Falkevik Tungevåg. Ho er med som trivselsleiar og er ein av dei som lagar liv og god stemning backstage. Saman med Henrik Hovland arrangerer ho speed dating og jam på kvelden. Også søv ho i idrettshallen saman med ungdommane.

– Det er nokre år sidan eg var med her i Sogn og Fjordane. Det er så kjekt å vere tilbake, legg ho til.

Nervøse

Men mest av alt er dei nervøse. For mange er det fyrste gongen dei skal stå på ei så stor scene. Programleiarar Lene Førde, Marianne Lauritsen og Eli Eikenæs Vengen går rundt og kjenner på stemninga.

– Me leitar etter historiene, ein stemningsrapport å fortelje til publikum, fortel Lauritsen.

Ho fortel om gullkorn utøvarane har komme med; ein forstua fingeren førre veke – no speler han piano, ei anna hadde ein heil stemningsrapport ho ville me skulle lese opp før ho gjekk på scena.

– Slikt likar me godt.

Klokka tikkar og går. Ein etter ein gjer seg klare til å gå ut på scenen. Endeleg er det Raggstokk sin tur. Bandet stiller seg opp bak sceneteppet og pustar djupt i magen. Så går dei ut i lyset.

Sindre Steig på UKM i Førde 2015
Foto: Sigrid Fuglesteg Luksengard / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune