NRK Meny
Normal

Slik er elevane med og utan mobilane sine

HORNINDAL (NRK): Fleire og fleire skular tvingar elevane til å levere frå seg mobiltelefonane før undervisninga startar. Fagfolk er skeptiske.

Elevar sit med mobilen før skulestart - men spelar kort i friminuttet

STOR SKILNAD: Biletet til venstre er teke like før skuledagen ved Hornindal skule startar. Til høgre har elevane levert inn telefonane sine og har friminutt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ronja Simone Lundgård Hove og vennene sit med mobilen før skuledagen startar

HEKTISK: Ronja Simone Lungård Hove og vennene sjekkar siste nytt før dei må levere mobilane sine på skulen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Innleverte mobiltelefonar i kakeboks

INNSAMLA: Elevane sine mobiltelefonar ligg i ein kakeboks i læraren sitt skap til skuledagen er over.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Første tida var det lynsjestemning, og elevane kalla oss for ein naziskule. Dei protesterer nok litt mot det enno, men det har gått seg fint til, seier Sveinung Borgund.

Han er lærar for tiandeklassen ved Hornindal skule, og samlar kvar dag inn elevane sine mobiltelefonar når første skuletime startar. Slik har skulen gjort det i snart to år. Med gode erfaringar.

– Elevane spelar kort, snakkar i lag og driv med sosiale aktivitetar. Det gjorde dei ikkje før. Då sat dei og spelte på kvar sin telefon, seier Borgund medan han tek inn telefonen til Ronja Simone Lungård Hove.

– Det går greitt, men eg har jo lyst til å ha mobilen. Eg meiner vi kunne ha fått den tilbake i friminutta. Og vi kunne ha brukt den meir som eit verktøy i timane, seier ho.

Meiner ein ikkje får bukt med problema

Stadig fleire skular og kommunar over heile landet har innført såkalla «mobilfri skule». Det betyr at elevane kvar dag må levere inn mobilane sine før første skuletime.

Målet er at elevane skal vere meir sosialt aktive gjennom skuledagen, samstundes som skulane vil motverke mobbing i sosiale medium. Nokre stader har dei opplevd at elevar har blitt fotograferte i garderoben. Då er vegen kort for at bileta blir spreia på nettet.

Men ikkje alle er samde i at eit forbod mot mobiltelefon er vegen å gå.

– Skulane gjer nok dette med gode intensjonar, men eg synest ikkje det er ei god løysing. Det er betre om vi snakkar med elevane om innhald og bruk, seier seniorrådgjevar Karoline Tømte ved Senter for IKT i utdanninga.

Lærar Sveinung Borgund samlar inn telefonane
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vil heller at skulane hjelper og rettleiar elevane

Ho har i mange år jobba med problemstillingar rundt sosiale medium. No peikar ho på at skulane bør vere gode rettleiarar for elevane når det gjeld mobiltelefon – heller enn å leggje ned forbod. NRK har snakka med fleire fagfolk som meiner det samme.

– Skulane må ta inn over seg at mange brukar mykje tid på nett. Dei vaksne må skaffe seg kompetanse og kunnskap, og på den måten hjelpe elevane til betre framferd på mobilen, seier Tømte.

– Eg trur ikkje vi vil klare å stoppe mobbing med mobilforbod, for elevane blir like gjerne mobba gjennom mobilane sine heime i si eiga seng. Eg trur det handlar om å lære seg gode haldningar og gode sosiale relasjonar, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Mange skular innfører no forbod mot bruk av mobiltelefon i skuletida.
Ein av dei er Hornindal skule, - dei meiner dette har gitt mindre mobbing og uro. 
Men ikkje alle jublar over tiltaket.

SJÅ TV-SAKA: Ein av skulane som har innført mobilforbod er Hornindal skule. Dei meiner dette har gitt mindre mobbing og uro.

Rektor Gro Mikalsen Hundeide ved Hornindal skule

GOD EFFEKT: Rektor Gro Mikalsen Hundeide meiner dei har fått ei anna ro ved Hornindal skule etter innføringa av mobilfri skule.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Har foreldra med seg på mobilnekt i skuletida

Rektor Gro Mikalsen Hundeide er oppteken av at skulen hennar skal vere ein mobbefri og sosial stad. Ho har foreldrerådets arbeidsutval i ryggen, og mobilreglane er ein del av skulens ordensreglement. Ho er nøgd med effektane, og meiner skulen har blitt ein betre stad.

– Er ikkje eit mobilforbod å gripe for mykje inn i fridomen til elevane?

– Nei. Dei kan halde på med mobilen så mykje dei vil på fritida. Det er foreldra samde om også, seier ho og understrekar at dei parallelt jobbar med vegleiing i bruk av mobil.

– Vi kjem til å halde fram med ein mobilfri skule også i framtida, seier Mikalsen Huneide.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser