Hopp til innhold

Slik er det få som har sett Storen

Visste du at det finst ein stad der du kan sjå Store Skagastølstind frå fjordnivå? Her har du fotobeviset.

Store Skagastølstind sett frå Årdalsfjorden

SOM EIT MONUMENT: Store Skagastølstind (2405 m.o.h.), slik toppen tek seg ut frå Årdalsfjorden.

Foto: Jonny Asperheim

Det er Jonny Asperheim frå Seimsdal i Årdal som har teke biletet. Han har tråla det meste av fjellvidder og toppar i Årdal, og han har sett fylkets høgaste punkt frå mange ulike vinklar. Men han hadde aldri sett Storen frå havnivå.

Han hadde høyrt at det skal vere mogeleg å sjå toppen av det 2405 meter høge fjellet frå ein stad utanfor Årdalstangen.

– Det er fleire år sidan eg høyrde om det, eg meiner det var Atle Romøren som skreiv det i eit sogeskrift. Søndag skulle eg ta opp båten, og då var det at kona mi, Karin, sa at no må du nytte det fine vêret til å få teke eit bilete av Storen.

Bogaviki ved Årdalstangen

FRÅ FJORDEN: Til høgre i dette biletet ser vi Kleppuri, til venstre Owefossen på Årdalstangen. Om lag midt mellom er staden der du kan sjå Store Skagastølstind.

Foto: Jonny Asperheim

Dermed brukte han den siste resten av drivstoff i båtmotoren sin dette året til å køyre inn på Bogaviki. Fylkesveg 53 frå Årdalstangen mot Naddvik går forbi der, men akkurat der du kan sjå Storen går vegen inne i Finnsåstunnelen.

– Eg måtte tett oppunder land innanfor Kleppuri før eg fekk det synet eg var ute etter.

Storen frå fjorden

– Aldri fått så mange likes

Asperheim tok fleire bilete av Store Skagastølstind frå fjorden, det eine la han ut på Facebook-sida si.

– Eg har aldri fått så mange likes på eit bilete før, så det var tydeleg at mange er interesserte i slikt.

Han la og ut koordinatane for staden der han tok bileta frå: N 61.13'576'', Ø 7.42'460''. Han skreiv: «Truleg er dette den einaste staden du kan sjå den 3. høgste fjelltoppen i Noreg frå sjøen, og den høgaste fjelltoppen du kan sjå frå sjøen her i landet.»

Store Skagastølstind sett frå Årdalsfjorden

MED ÅRDALSTANGEN: På dette biletet ser du litt av busetnaden på Årdalstangen.

Foto: Jonny Asperheim

Eit anna glimt av Jotunheimen

Det er meir kjent at ein kan sjå Store Austanbotntind (2204 m.o.h.) frå fjordnivå i og litt utanfor Naddvik.

– Så har eg høyrt at William Cecil Slingsby skal ha sagt at han såg Fanaråken (2068 m.o.h.) frå Lustrafjorden, men det har eg ikkje fått stadfesta, seier Jonny Asperheim.

Dette blir stadfesta av Andrè Vindedal på Facebook:

«Eg bur på Fjøsne inst i Lustrafjorden ca. 3 km frå Skjolden. Der har eg fullt utsyn mot Fanaråken. Året rundt.»

Store Austanbotntind sett frå Årdalsfjorden

FRÅ NADDVIK: Her kan du sjå Store Austanbotntind (2204 m.o.h.) frå fjordnivå.

Foto: Kjell Arvid Stølen