Hopp til innhold

Slik enda den ville bilturen – no er han dømd

Knappe tre veker etter at mannen vart lauslaten frå fengsel, var han i gang med nye lovbrot. No er mannen i 20-åra dømd til fire nye månader fengsel.

Bilbrann i Florø

BILBRANN: Denne firmabilen var ein av tre bilar som mannen i 20-åra stal i Florø 3. og 4. april i år.

Foto: Truls Kleiven

Mannen hadde ei lang rekkje lovbrot på samvitet då han for andre gang på kort tid møtte i Sogn og Fjordane tingrett nyleg.

Dei aller fleste gjort i prøvetida for ein dom han fekk i fjor haust.

Bilbrann i april

Den kanskje mest dramatiske hendinga skriv seg frå natta 3. april i år. Mannen har ikkje førarkort, men stal då ein firmabil som han køyrde rundt med i Florø.

Ved Krokane mista han kontroll på bilen og køyrde av vegen. Bilen velta og byrja å brenne.

Mannen gøymde seg i buskene, men vart pågripen. Politiet sleppte manne fri mot meldeplikt etter avhøyr. Sidan mannen held fram på feil side av lova dei neste dagane, såg politiet ingen anna utveg enn å varetektsfengsle han.

21 lovbrot på seks månader

No har han altså fått dommen for i alt 21 lovbrot sidan slutten av september i fjor. Blant desse er mellom anna sju tjuveri, to mindre tjuveri, tre bilbrukstjuveri og narkotikalovbrot. Mannen har også teke seg inn i hus og bygningar.

Frå ein bustad stal mannen eit bankkort og pinkode, som tok 10.000 kroner frå.

– Han har gjort det ubehageleg for privatpersonar og forretningsdrivande, meinte politiadvokaten i saka.

Dømd også i fjor

Mannen vart i fjor dømd for ei rekkje vinningslovbrot. Straffa vart då fengsel i 90 dagar, der 30 dagar vart utsett med prøvetid på to år. Knappe tre veker at han vart lauslaten gjorde mannen seg skuld i nye lovbrot.

Mannen erkjende å ha stole kring 15.000 kroner i reine pengar, samt klede, sko, elektriske artiklar, parfyme og matvarer.

Retten merka seg at mannen kjem frå eit krigsherja land og at han i perioden for lovbrota hadde større økonomiske vanskar som følgje av reduksjon i sosial støtte.

– Retten finn likevel grunn til å presisere at den ikkje legger nemneverdig betydning på desse forholda, skriv retten.