Hopp til innhold

Her stod politiet med laser - men desse «fartssyndarane» slapp bot...

Stort sett prøver folk å setje farten ned når dei ser at politiet står klar med laser. Men då ungdommane fekk sjå politiet med laserpistol i skibakken, gjorde dei alt for å få farten opp...

Politiet med laser i skibakken Heggemyrane

TEKEN I LASERKONTROLL?: Fredag kveld var politiet på plass med laser og målte farta til ungdomane som stod i bakken.

Foto: Luster Lensmannskontor / Politiet

– Me var på Sogn Skisenter på Heggmyrane i Luster kommune, fortel politiførstebetjent ved Luster lensmannskontor, Svein Inge Haberg.

Der hadde kommunen eit treff som dei kalla ME'N'U (uttalast Me and You). ME'N'U er eit samarbeidsprosjekt mellom IL Bjørn, Ungdommens kommunestyre, Luster kommune, Luster frivilligsentral, Gaupne Ungdomslag og kyrkja i Luster.

Medan ungdommane boltra seg i velpreppa skiløyper på Hafslo, tok Haberg plass nedst i bakken med laser. Akkurat som på ein vanleg fartskontroll.

– Me hadde lyst til å prøve det, så me målte farten på dei som ønskte det, seier Haberg.

Ikkje så lett å treffe...

Normalt sett er det grei skuring å få sikta laseren mot fartssøkjande bilistar. Fullt så lett er det ikkje når dei kjem på ski, snøbrett eller noko anna i susande fart ned ein skibakke.

– Eg prøvde å måle dei på same plassen, men det er ikkje alltid like lett å treffe dei når dei kjem. Dei som hadde høgst fart, vart målte høgst oppe i bakken, seier Haberg.

Dermed fekk han litt ekstra "lasertrening", som kan komme godt med.

– Laserarmen fekk øvd seg litt, ja. Det er litt lettare å treffe bilar, seier Haberg.

Høgste målte fart vart var 90 kilometer i timen.

– Laseren gir automatisk tre kilometer frådrag, så ein kan leggje på det, seier Haberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laser politiet

HØGSTE FART: Den høgste farte som vart målt i skibakken var heile 90 km/t.

Foto: Luster Lensmannskontor / Politiet

Litt meir humørfylt fartskontroll enn vanleg

Hadde kontrollen vore i ei 60-sone, hadde fartssyndaren vore ille ute.

– Då hadde han mista lappen. Der går grensa ved 86 km/t, seier Haberg.

Hadde det vore 80-sone, hadde det vorte dyrt.

– Det hadde vorte ei høg bot, ja, seier Haberg, og ler.

Men korkje han eller kollegaen måtte fram med gebyrheftet i går. Tvert om var det god stemning og mykje ståhei blant ungdommane, som tykte det var stor stas at politiet tok seg tid til lasermåling i skibakken.

– Det var mange som måtte ha fleire turar for å slå kompisen eller venninna. Men det var ikkje nokon konkurranse, seier Haberg.

Politiet har også ved andre høve vore i skibakken, og det er utan tvil eit populært innslag.

– Det er berre kjekt å treffe ungdommar, så det var hyggeleg, seier Haberg.

Sette ny rekord i «likes»

Luster lensmannskontor er eitt av kontora som er på sosiale medium. Og merksemda let ikkje vente på seg etter at dei la ut bilete frå kontrollen.

– Me sette ny rekord i «likes »på den meldinga der, ja, seier Haberg.

Han understrekar at det er viktig også for politiet å vere ute der ungdommane er.

– Og når me har med oss laser, så er det litt lettare å ta kontakt for dei når me møter opp slik, seier Haberg.

Han legg til at det er ein medviten strategi for politiet å ha god kontakt med ungdommen.

– Det er viktig at me kjenner ansikta på dei, og dei oss. Denne gongen fekk me førespurnad om å komme innom, og når det passa, er jo det berre kjekt, seier Haberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Påskestemning på Sogn skisenter
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Imponert over farten

– Artig at politiet tok turen for å måle ungdomane, seier dagleg leiar Øystein Veum i Sogn Skisenter.

Han var ikkje sjølv til stades, men er imponert over den høgst målte farten.

– 90 kilometer i timen seier du. Det er bra fart det. Godt dei ikkje fekk bot, ler Veum, men legg til at lasermålinga seier litt om kor fort det kan gå i skibakken.

Han tykte det var kjekt at politiet ville bidra for å setje ein spiss på skikøyringa.

– Politiet var svært positive til forslaget. Fleire av dei som er på lensmannskontoret er jo til vanleg ein stor del av anlegget, seier Veum.

Nytt av året er at skisenteret har ope på fredagane og.

– Me har sett av fredagane spesielt til ungdomen. Kveldskøyringa på fredag er eit døme på arrangement for ungdomen, seier Veum.