Hopp til innhold

Slik blir vêret i helga

Ei austleg vindretninga og stigande temperaturar gjer at vêrmeldingane for helga er lovande.

Dueskar med utsikt over Sognefjorden

IDYLL: Dueskar med utsikt over Sognefjorden.

Foto: Andrea Strand Solbakken / Bilete frå Instagram #nrksf

– I morgon vert det delvis fint vêr med bris frå aust og stort sett opphaldsvêr. Temperaturane er stigande, og utpå dagen i morgon kan vi få temperaturar opp i 16–17 grander.

Martin Granerød

LOVANDE: Statsmeteorolog Martin Granerød kjem med gode prognosar for helgevêret i Sogn og Fjordane.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

Det er prognosen statsmeteorolog Martin Granerød gir oss for vêret på laurdag. Og dermed blir nok det den beste dagen denne helga sjølv om søndagen heller ikkje blir så aller verst.

– På søndag kan temperaturen gå litt ned igjen og det kan bli litt fleire skyer på himmelen. Det er og mogleg at det kan bli litt nedbør, men vindretninga er framleis austleg, og det betyr at det ikkje vert så mykje nedbør. Temperaturane søndag vert ein stad mellom 10 og 15 grader, seier

Del ditt finaste vårbilete med oss!

Vis oss kva du gjer på i helga ved å sende bilete til sf@nrk.no eller på Instagram ved å merke dei #nrksf

Har du eit blinkskot? Del bileta dine med oss!

Blomster små
Foto: @fruhildur

Ved å bruke emnemerket #nrksf godkjenner du at NRK kan publisere biletet i ei kvar redaksjonell samanheng på TV og nett. Du må stå inne for at dei som er avbilda har godkjent bruken. Sjå meir informasjon om retningslinjer i faktaboksen til høgre.

Stårheim

UTSIKT: Sommardag i sikte! Her ser vi Stårheim og Nordfjord sett frå Sethaugen.

Foto: @olinesine / Instagram