Her treffer dei blink med vêret i haustferien

Ferien er slutt for nokre, medan den står for tur for andre. Fleire stadar gjer du lurt i å finne fram solbrillene.

Høst

HAUSTFARGAR: Med fine haustdagar i vente kan det vere lurt å ta turen ut for å nyte haustfargane i naturen.

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX

Vestlandet og Midt-Noreg ser ut til å treffe blink med starten på haustferien dette året.

– Det ser veldig lovande ut. Det blir mykje fint vêr med sol og kalde netter, seier meteorolog Frode Hassel.

Det er likevel ingen grunn til å dra fram shortsen.

– I midtre og indre strøk kan ein fort komme over på minusgrader om natta. Kjem du over 1000 meter i fjellet vil det vere minusgrader gjennom dagen heile veka, seier Hassel.

Det blir kjølig i helga, før temperaturane vil stige litt ut i veka. Uheldigvis får Sør-Noreg besøk av eit lågtrykk i neste veke.

Jakter du på varmen, så gjer du lurt i å sjå deg om over landegrensene.

– Vil du ha varme, så må du reise ut av landet, seier Hassel.

Laster Twitter-innhold

Snøkaos

Haustferien på Austlandet denne veka tok nok ein litt brå vending for mange med snø og slaps på torsdag, men helga ser langt betre ut.

– På Austlandet og Sørlandet vil helga by på bra vêr. Frå tysdag av vil det truleg kome noko nedbør, men det vil vere litt av og på, seier meteorolog Frode Hassel.

Nord-Noreg blir vêrvinnaren i neste veke, men må først gjennom ei helg som kan by på både regn og sol.

– I Troms blir det låg snøgrense med sludd og snø i høgda. Finnmark får for det meste opphaldsvêr og noko sol, seier Hassel.

Elevane i Nordland går ut i haustferie på fredag og ser ut til å gå ei fin veke i møte.

– Det kan bli både sol og regnbyer i helga, men neste veke ser ut til å by på lite nedbør og ein del sol, seier Hassel.

Tips til kva du kan gjere på i haustferien kan du finne her:

Laster SoundCloud-innhold