Hopp til innhold

Slik blir veret denne påska

Sol, regn, snø og sludd - denne påska må du regne med litt varierande vêr.

Sol og skiføre i Jølster

NOKRE FINE DAGAR: Statsmeteorologen lovar minst to fine dagar i påskeveka.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Du kan glede deg til tysdag og fredag, for det blir dei dei to finaste dagane i påskeferien. Onsdag og torsdag blir det dårlegast vêr, seier statsmeteorologen.

Ein av dei beste dagane er altså i morgon og på yr.no viser det ei stor sol stort sett over alt i fjordfylket.

– Unnataket er Nordfjord der det kan komme enkelte byger. Det kan også komme nokre byger langs kysten tidleg på dagen, men etter kvart blir det fint, seier statsmeteorolog Gunnar Livik ved vêrvarslinga på Vestlandet.

Regn – sludd – snø

Onsdagen startar med opphaldsver og litt spreidde byger. Det blir vestleg frisk bris på kysten og liten kuling frå Stad.

– Det kjem regn langs kysten, sludd i området rundt Førde og snø i indre strok av fylket. I fjellet kjem all nedbøren som snø.

Torsdag blir det også regn i ytre og snø i indre strok, men meteorologen seier det ikkje er dei store nedbørsmengdene det er snakk om.

– Men kjem nedbøren som sludd, blir det jo litt grisete ver, seier han.

Låge temperaturar

Frå fredag blir det igjen opphaldsver det meste av dagen og kanskje litt gløtt av sol.

– Dette blir nok ein av dei beste dagane. Men nedbørsmengda er ikkje så stor verken onsdag eller torsdag, så det er ikkje sikkert det blir så gale då heller.

Når det gjeld laurdagen, seier Livik at det kjem meir samanhengande nedbør.

– Denne dagen stig temperaturane litt. Vinden kjem meir frå sør og går over til nordleg retning.

Temperaturane skal halde seg forholdsvis låge heile veka. I fjellet og i indre deler av fylket held temperaturen seg på minussida på gradestokken. I området Førde–Florø blir det plussgrader på dagtid og kaldare om nettene.

Ute eller inne?

1. og 2. påskedag skal det ikkje komme så mykje nedbør. Det blir truleg sol i indre område søndagen.

– Men prognosane for helga er veldig usikre når det er så langt fram i tid.

– Trur du det blir innepåske eller utepåske for dei som har teke turen til fjells?

– Eg trur det kan bli begge deler. Det er kanskje ikkje dei beste forholda til å leggje ut på tur. Men har du ei hytte er det berre å komme seg ut når det er fint og gå inn når det blir dårleg.

Uvær på fjellet kan komme brått

VARIERANDE VER: Nokre av dagane kan det skifte mellom opplett og snøbyger.

Foto: Christian Strand / Den Norske Turistforening