Hopp til innhold

Slik blir vegen over Filefjell

E16 over Filefjell skal bli meir vintersikker. Bli med inn tunnelen som skal halde tunge køyretøy på vegen.

Filefjell

NESTE ÅR: Frå neste haust treng du ikkje køyre denne strekninga over Filefjell. Då går vegen inne i fjellet, 6 kilometer frå Kyrkjestølen til Tyinkrysset.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Snøen bles over den breie, oppbygde vegen på Filefjell. Det er kvitt på dei mange hyttetaka kring Tyinkrysset, men enda har ikkje det kvite dekket lagt seg over alle knausar og haugar.

– Det er litt på grensa for å bruke uvêrslysa i dag. Det må nok vere litt dårlegare vêr før vi set dei på, seier Harald Stadheim frå vegvesenet.

Neste haust skal Filefjellstunellen opne, og vegvesenet sitt store prosjekt på E16 over Filefjell er eitt steg nærare punktum.

Film av filefjellstunellen

Stortinget ville ha vintersikker aust-vest-veg

Medan diskusjonen går høgt om kva som skal vere hovudvegen mellom Vest- og Austlandet går arbeidet med E16 over Filefjell sin gang.

Prosjektet fekk pengar på nasjonal transportplan for 2010-2019, og målet er at den skal bli ein vintersikker veg med standard som ein stamveg.

Det meiner prosjektleiar Odd Erik Haugen dei er langt på veg til å få til.

Odd Erik Haugen

FORNØGD: Odd Erik Haugen er leiar for prosjektet som strekkjer seg 40 kilometer frå Lærdal kommune til Vang kommune. Prislappen på prosjektet ser ut til å bli 3,1 milliardar kroner. Eigentleg var det sett av 3,3 milliardar kroner, og leiaren er nøgd med at dei helg seg godt innanfor budsjettet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Uvêrslysa er viktige for at bilistane får god sikt. Vi har også bygd vegen opp 2–4 meter, slik at snøen lettare kan blåse av. Vegen vil nok framleis bli stengd i ekstreme vêrsituasjonar, men vi trur det blir betydeleg mindre enn før, seier Haugen.

Prosjektet er delt opp i fire delar, og strekker seg over fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland.

Den seks kilometer lange Filefjellstunellen er nummer tre av delprosjekta som blir ferdig. Der står att både lys, brannsikring, asfalt og godkjenningar før bilistar kan ta den i bruk.

– Vi ventar at folk skal kunne køyre tunnelen før dei første hauststormane til neste år, seier Haugen.

Uvêrslys

VISER VEG: Brøytebilsjåførane som jobbar på strekninga over Filefjell har vore med å bestemme korleis uvêrslysa skal vere. Dei skal vise veg i dårleg sikt, og brøytebilsjåførane skal bestemme når dei skal lyse.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Trur vegen blir bra for lokalt næringsliv

Det gjer seg klar for jula på lokalbutikken på Tyinkrysset. Bilistane vil sjå rett ned på butikken til Anders Hermundstad når dei kjem ut av den nye Filefjellstunellen.

– Vegen verkar veldig positivt for kundar som køyrer over fjellet og hyttefolk. Det har veldig mykje å seie for lokalområdet, seier Hermundstad.

Han fortel at det har vore litt varierande korleis folk har opplevd anleggsarbeidet som har gått føre seg sidan 2010.

– Men eigentleg det har gått overraskande bra, seier kjøpmannen.

Vegvesen-karar på filefjell

ENTREPRENØRAR: Odd Erik Haugen, Jan Lima frå Hæhre, Øyvind Holen og Harald Stadheim

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK