Hopp til innhold

Slik blir valdekninga i NRK Sogn og Fjordane

På måndag startar utspørjinga av stortingskandidatane i NRK Sogn og Fjordane. Vi kjem til å ha ei brei dekning av valet, seier distriktsredaktør, Rolf Sanne-Gundersen.

stortingsval

STARTAR PÅ MÅNDAG: Det blir ei brei deknig av valet i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Dette er eit spennande val i Sogn og Fjordane. Det blir mykje politikk på våre flater dei neste vekene, seier Gundersen.

Allereie på fredag kjem den første store debatten, om veg. Engasjementet rundt E39-sendinga til NRK denne veka kan tyde på at vegstriden blir eit sentralt tema under valkampen.

Utspørjingar

Rolf Sanne-Gundersen

BREI DEKNING: Distriktsredatør Rolf Sanne-Gundersen seier det blir ei brei dekning, og mykje politikk i NRK sine flater dei neste vekene.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Måndag startar utspørjinga av stortingskandidatane i NRK Sogn og Fjordane.

– Vi skal ha utspørjing av alle toppkandidatane frå dei største partia i radioen og på nettet og elles ta tak i dei sakene som blir diskuterte. Det blir mykje politikk i våre flater dei neste vekene, seier Gundersen.

I ettermiddagssendingane blir det ein halvtimes utspørjing, der programleiar Erlend Blaalid Oldeide skal grille politikarane mellom klokka 1530 og 16.00. Dette vil i tillegg bli streama på nettet.

Valkampen

NRK Sogn og Fjordane får to meiningsmålingar før valet. Den første kjem i neste veke, og den andre kjem onsdag 4. september.

Ekstra spennande er kanskje oppslutnaden rundt Senterpartiet.

– Partia skal slåst om tre distriktsmandat og eit utjamningsmandat. Per i dag er Høgre, Ap og Sp inne på Stortinget med ein representant kvar. Men mykje kan skje dei siste vekene, seier Gundersen.

Vil FrP snu den negative trenden på meiningsmålingane i Sogn og Fjordane? Kan Høgre få to på tinget? Og korleis gjere partileiar Liv Signe Navarsete det på heimebane? Eit dårleg Sp-val i Sogn og Fjordane vil svekke posisjonen til Sp og Liv Signe Navarsete.

Fleire debattar i sendingane

NRK Sogn og Fjordane har planlagt tre direktesendte debattar i dagsendinga. Desse blir leia av programleiarene Gro Ravnestad og Erlend Blaalid Oldeide.

– Vi kjem i tillegg til å vere tilstades på nokre debattar og overføre desse på radioen og nettet, seier Gundersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

nrk

DEBATTAR: Gro Ravnestad og Erlend Blaalid Oldeide leiar debattane.

Foto: Montasje

Allereie førstkomande fredag blir det E39-debatt på Sunnfjord hotell. I tillegg blir det debatt med tema stoda i kommunenoreg etter åtte år med raudgrønt styre. Fredag 6. september blir det paneldebatt mellom toppkandidatane.

I tillegg skal det vere tre debattar i Vestlandsrevyen med tema «Privatisering av velferda», «Slaget om Vestlandet», og til slutt ein ungdomsdebatt.

Radio på valnatta

NRK Sogn og Fjordane skal ved dette valet ha ei eiga radiosending på P1. Altså ei valsending direkte frå valvaka på Sunnfjord hotel i Førde med dei politiske partia.

– Du kan høyre sendinga på P1, og i tillegg vil vi sjølvsagt ha ei brei dekning av valet på vår nettside nrk.no/sf med resultat og kommentarar, fortel Gundersen.