Hopp til innhold

Slik blir truleg Atløysambandet

Askvoll kommune har i dag lagt planen for Atløysambandet ut til offentleg ettersyn. No kan du sjå korleis brua over Granesundet blir sjåande ut.

På Atløyna i Askvoll kommune i Sunnfjord har øyfolket kjempa for å få bru til fastlandet i fleire tiår.

MOT NORD: Slik vil Atløysambandet ta seg ut dersom alternativ 1c blir valt. Vi ser nordover Granesundet med Atløy til venstre.

Foto: Rambøll

Aril Olset, som sit i samferdselsnemnda i Atløy Vel, er oppglødd.

– Dette synest vi er heilt flott. Det er heilt på linje med det vi alltid har meint, at her er det mogeleg å byggje eit enkelt og funksjonelt samband. Vi er veldig glade for at dei føreslår den billegaste og enklaste løysinga.

Det er konsulentselskapet Rambøll som har utarbeidd kommunedelplanen som i dag vart presentert for kommunestyret i Askvoll. Rambøll rår til at kommunen arbeider vidare med alternativ 1C, som er billegast på grunn av smalare vegbane.

Aril Olset på markering

– HEILT FLOTT: Aril Olset (nr. to frå venstre) imeiner Atløysambandet kan vere klart til bruk om tre år. Her saman med Bjørn Arne Mjåseth, Oddbjørn Veka og Kay Lise Løkeland Leknes i Atløy Vel på ei markering i juni i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vernevedtak neppe eit problem

Dette er den klart beste løysinga med tanke på konsekvensane, meiner Rambøll. Men det er ein føresetnad at eit vernevedtak for Prestøy blir oppheva, eller delar av vernevedtaket.

Det reknar ikkje Aril Olset med skal vere problematisk.

– Miljøavdelinga til Fylkesmannen har gitt ganske gode signal om at det er mogeleg å oppheve vernevedtaket eller å justere verneområdet, slik at det skal vere mogeleg å byggje bru der.

Atløysambandet - kart

TRE BRUER: Atløysambandet får to korte bruer, mellom fastlandet og Prestøy og over Sauesundet, i tillegg til hovudbrua over Granesundet.

Foto: Rambøll

– Kjempegod butikk

Kostnaden på alternativ 1c er rekna til 550 millionar kroner. Det er rimelegare enn Olset hadde rekna med.

– Vi ser at dersom ein vil lage noko billeg så greier ein det.

Atløy Vel har eit reknestykke som viser at samfunnet vil spare store summar på å byggje bru. Olset reknar med at ferjesambanda i Askvoll med nye anbod vil koste 40 millionar i året, av dette rundt 22 millionar mellom Askvoll og Atløy. Over ein periode på 40 år blir det 880 millionar kroner.

– Når ein i tillegg reknar inn vedlikehald på ferjekaiar ein ikkje lenger treng og eit brukarfinansieringspotensial på to-tre hundre millionar så nærmar vi oss 1,2 milliardar kroner i sparte utgifter for fylkeskommunen.

– Når Atløysambandet kostar 550 millionar så må dette vere kjempegod butikk for fylkeskommunen. Det er akkurat det vi har hevda i alle år, seier Aril Olset.

Atløysambandet

MOT LANDSIDA: Her ser vi sambandet frå Atløy-sida.

Foto: Rambøll

Trur på 30 meters seglingshøgde

Rambøll meiner at det ikkje trengst meir enn 30 meter seglingshøgde. Men Forsvaret kan kome til å kreve 36 meters høgde eller meir. Konsekvensen blir då ei dyrare bru, i tillegg til at det er ei ulempe for gåande og syklande å få større høgdeskilnad.

Aril Olset i Atløy Vel meiner det ikkje bør vere naudsynt med så høg bru.

– Dersom Forsvaret må inn til Askvoll kan dei gå på utsida av Atløy og kome inn Granesundet frå nord.

Olset har tru på at bygginga av Atløysambandet kan kome i gang om eit års tid, og at dei vil kunne ta brua i bruk om rundt tre år.