NRK Meny
Normal

Slik blir politistrukturen

Politikontoret i Årdal forsvinn, medan Bremanger får halde på sitt.

Kart lensmannskontor i Sogn og Fjordane

POLITISTRUKTUR: Etter alt å dømme blir det politikontor desse stadane i framtida. Kommunane kan klage på avgjerda.

Foto: politiet.no

Politidirektør Odd Reidar Humlegård presenterte fredag sitt endelege kart over politiet. Direktoratet har følgt prioriteringane frå politimeisteren i Vest politidistrikt.

For Sogn og Fjordane betyr det at det blir tre lensmannsdistrikt med 11 lensmannskontor og ein politistasjon.

  • Under Nordfjord høyrer Vågsøy, Eid og Stryn.
  • Til Sunnfjord høyrer Flora, Bremanger, Førde, Gloppen, Fjaler og Høyanger.
  • I Sogn blir det lensmannskontor i Sogndal, Vik og Lærdal.
  • Vanylven lensmannsdistrikt blir overført til Møre og Romsdal.
  • Kontora i Selje, Hyllestad, Jølster, Gaular, Askvoll, Balestrand, Årdal, Luster, Aurland, Gulen og Solund blir lagde ned.

Delt respons

– Dette er gledeleg. No ventar vi på fortsetjinga, og er spente på kva oppgåver som kjem. Det veit vi litt lite om no, seier lensmann i Bremanger, Espen Gulliksen.

Kontoret hans var først føreslått nedlagt, men var kome inn igjen i varmen då Kaare Songstad la fram si tilråding i desember.

Espen Gulliksen

GLEDELEG: Lensmann i Bremanger, Espen Gulliksen, gler seg over Politidirektoratet si avgjerd.

Foto: Maria Pile Svåsand

I Sogn sit lensmann i Årdal, Magne Knudsen. Han er ikkje like glad. Kontoret hans blir lagt under Lærdal, saman med kontoret i Aurland.

– No er det bestemt, og vi ser i fellesskap på nye moglegheiter. Vi skal vere lojale og levere polititenester for alle i indre Sogn, seier Knudsen, som lenge har kjempa for sitt kontor.

Også han er spent på kva meir som kjem ut av organisasjonsendringane det er lagt opp til.

– Eg trur det blir lenger opningstider og meir aktiv teneste når vi blir samla under eitt. Så håpar eg at vi får fleire stillingar slik at vi kan få gjort meir politiarbeid.

Magne Knudsen

SKUFFA: – Eg har lagt dette bak meg, no må vi sjå framover, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen. I framtida blir kontoret hans slått saman med Lærdal og Aurland og hovudsetet blir i Lærdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tilrådinga frå Politidirektoratet er basert på tilrådingane frå Politimeistrane rundt om i landet. No har kommunane frist fram til 19. mars til å klage på tilrådinga. Desse klagene skal vere handsama seinast 1. april, då saka blir sendt vidare til Justis- og beredskapsdepartementet.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote