NRK Meny
Normal

Slik blir påskevêret

Trass dystre utsikter før påske, i løpet av veka kjem turrvêret inn over fylket.

Mot påskesola...

LOVAR SOL: Det blir mogleg å fotografere klassiske påskemotiv som dette, der det framleis måtte vere snø, også denne påska.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Berit Hagen

GLADMELDING: Statsmeteorolog Berit Hagen ved Vêrvarslinga for Vestlandet har godt nytt for påskeveka.

Foto: Marit Hommedal

Etter nokre førehandsvarsel det kjølige og fuktige slaget, kjem Vêrvarslinga på Vestlandet no med godt nytt til turfolket i påska. Både til fjells og langs kysten.

Varslar strålande helg

– Frå fredag og ut påska ser det veldig fint ut med ein god del sol og gradvis aukande temperatur, seier statsmeteorolog Berit Hagen til NRK.no.

Alt tysdag kjem det tendensar til godvêr, men først må sogn- og fjordingane bu seg på ein litt hustrig måndagskveld.

– Måndag kveld får vi ein god del vind enkelte stader. Nordvest stiv kluling på kysten og i fjellet. Det ser ut til at vinden held seg ut dagen. Det kjem snø- eller regnbyer lengst nede i låglandet. På Fjellet er det snøbyer og tilhøyrande dårleg køyreforhold, åtvarar Hagen.

Sol tysdag

Tysdag ser derimot ut til å kunne bli ein fin turdag for dei mange som har tatt seg påskefri.

– Det ser ut til at dagen i morgon blir ein god dag til å gjere det. Vi går mot ei betring i vêret der vinden gradvis vil minke utover natta, og byggeaktiviteten vil gi seg. Utover morgondagen vil sola dukke opp, lovar Hagen.

...men torsdagen blir våt

Påska byr likevel på nok eit lågtrykk før det klassiske påskevêret set inn.

– Det vil skye til litt mot tysdag kveld. Onsdag og torsdag ventar vi inn eit nytt lågtrykk, og det ser ut til at torsdagen blir den dårlegaste. Då vil det komme nedbør over heile fylket.

–Men heldigvis ser resten av påska ganske fin ut, fastslår statsmeteorolog Berit Hagen.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.