Hopp til innhold

Moods of Norway sleppte OL-kolleksjonen

Når dei norske utøvarane under dei olympiske leikane i London i sommar ikkje sveittar i konkurranse, så kjem dei til å gå kledde i klede frå Moods of Norway. I dag fekk dei sjå kolleksjonen.

Børresen og Staalnacke

GLADE KARAR: Peder Børresen (t.v.) og Simen Staalnacke var godt nøgde med responsen dei fekk.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Dressar, cocktailkjolar og finstas vart synt fram for både utøvarar og andre på Ullevaal stadion i Oslo i dag.

Utøvarane verka godt nøgde med det dei fekk presentert, og også publikum gav uttrykk for at dei likte det dei såg. Både modellar og toppidrettsutøvarar var til stades under klessleppet i Oslo.

– Det er veldig koseleg, og det er godt å få synt fram dei antrekka som vi har jobba mykje med, og som skal representere oss i OL, seier Simen Staalnacke i Moods of Norway.

– Og så var det artig å sjå antrekka på idrettsutøvarane, seier Peder Børresen frå Moods of Norway.

Lette å kjenne att

Dei har designa fleire antrekk som skal passe til forskjellige situasjonar. Og dei som ser på olympiaden, kan kjenne att kleda på dei karakteristiske kjennemerka som gutane i Moods har gjort til sitt varemerke.

– Det er litt traktorar både her og der, ler Staalnacke.

I tillegg har karane nytta seg av ein signatur i rosemåling, nettopp for å signalisere det rotnorske og ekte.

– Det går att i kolleksjonen, så du vil nok sjå at det er Moods, seier Børresen.

– Vi har brukt mange av dei norske elementa og nytta dei i designen, seier Staalnacke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olaf Tufte

STRAM KAR: Olav Tufte i findressen. Her skal det også vere sydd inn ein eigen medaljelomme på innsida.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Har laga artige detaljar

Nokre fiffige detaljar vil ein også kunne finne, dersom ein leitar litt.

– Dersom ein brettar opp halskragen, vil ein sjå at det står Heia Norge der, viss ein er i tvil om kven ein skal heie på, seier Børresen og ler.

Endåtil mottoet for OL, har dei fått plass til.

– På sida av jakka står det raskare, sterkare og høgare, seier Staalnacke.

Og designarane legg opp til at dei norske utøvarane skal dra heim edelt metall i store mengder. Difor har dei til og med sydd inn ein medaljelomme på innsida av jakkene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heia Norge

KVEN HEIAR VI PÅ: Viss ein er i tvil.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Er i godt selskap

Karane er godt nøgde med at dei får vere med på å designe klede til ein slik samanheng.

– Det er veldig moro og ei stor ære. Vi heiter Moods of Norway, og det er utruleg kjekt at vi får vere med når det ypparste av norske utøvarar skal representere Norge, seier Staalnacke.

Og dei er i godt selskap. Armani lagar kleda for dei italienske utøvarane, Ralph Lauren for dei amerikanske og Stella McCartney lagar dei britiske utøvarane sine klede.

– Vi håpar utøvarane likar kleda, seier Børresen.

Viktig med komfort

Handballspelar Karoline Dyre Breivang var ein av utøvarane som var på catwalken iført kolleksjonen til Moods of Norway.

– Eg tykkjer det er kult at dei har fått Moods til å lage kleda, og så tykkjer eg det ser veldig bra ut. Og ikkje minst fortel fleire av dei andre at kleda er svært komfortable og det er viktig, seier Breivang.

For dette er klede som utøvarane skal bruke mykje, og då er det ikkje heilt uviktig at det er godt å ha dei på.

– Vi handballjentene håper jo at vi skal vere der frå start til mål, og då snakkar vi to og ei halv veke. Då hadde det vore kjedeleg å berre ha eitt plagg å velje i, som attpåtil ikkje var komfortabelt. Men dette ser lovande ut, seier Breivang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Edvald Boasson Hagen

CASUAL: Edvald Boasson Hagen i eitt av antrekka som Moods of Norway har designa for OL-troppen.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Mykje raudt, kvitt og blått

Mykje av kleda er i raudt, kvitt og blått, og det tykkjer Breivang passar heilt fint.

– Vi er jo der for å representere Norge, og då kan det godt synast kor vi kjem ifrå, seier Breivang.

Ho er iallfall klar til å nytte kolleksjonen. Men det manglar framleis ein ting.

– Ein må jo bli teken ut til OL først, smiler Breivang.

OL-kolleksjonen presentert

STÅHEI: - Det var stas å sjå kleda våre på toppidrettsutøvarane, seier Simen Staalnacke og Peder Børresen.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK