NRK Meny
Normal

Slik blir kvardagen for dei brannråka i dagane og vekene som kjem

Problem med straum, telefon, internett og betaling i butikkar – og ikkje minst store psykiske utfordringar for dei brannråka. Utfordringane står i kø for lærdølane i tida framover.

brann lærdal

TØFFE DAGAR: Branntomtene i Lærdal er mange, utfordringane står i kø for dei fleste som er råka.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Laurdag kveld var ikkje berre starten på den mest omfattande brannen i Norge på 45 år, men også starten på ei svært krevjande tid for mange i Lærdal.

– Det er veldig store utfordringar. Det handlar mellom anna om helsa til folk som er råka, det å få omtanke og bli teke vare på. Sjølv om det ikkje er veldig mange med fysiske skader, så er det mange andre store belastningar psykisk. Det blir ei veldig viktig oppgåve for kommunen framover.

Det seier fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand til NRK. Dei siste dagane har sett sine spor også hos han, og han er svært klar over dei utfordringane lærdølane kan vente seg i dagane og vekene som kjem.

Jobbar hardt for nett og straum

Håvard Stensvand

STORE UTFORDRINGAR: Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand var i dag i nye møte med Lærdal kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Nokre av dei største utfordringane ligg i straum, internett og telenett. Kraftselskap og teleselskap har jobba iherdig sidan søndag, men enda er mange i Lærdal framleis utan desse tenestene.

– Det som vi har fått forsikringar om frå Telenor er at det blir jobba og sett på ressursar i stort omfang. Eg er på mange måtar roa, og eg har ein tryggleik for at det blir gjort det som faktisk er mogleg å gjere. Det er knapt råd å gjere stort meir enn det som faktisk er gjort og blir gjort, seier Stensvand.

Tysdag kveld hadde alle i kommunen endeleg fått tilbake straumen.

NAV måtte flytte til Årdal

For det lokale NAV-kontoret har brannen fått store konsekvensar. Mangelen på fiber-internett både i Lærdal og Aurland gjer at dei tilsette førebels har bytta arbeidsstad til Årdal.

– Vi har hatt ein del førespurnader no etter brannen, men vi ber om at publikum tek kontakt med NAV via vårt sentrale telefonnummer. Då skal dei bli sett i kontakt med sin rådgjevar, seier NAV-leiar Lærdal og Aurland, Einar Moen.

Han seier at dei er i beredskap dersom nokon skulle oppleve å stå utan noko form for hjelp som ein følgje av den dramatiske brannen natt til søndag. Mellom anna er dei sosiale tenestene knytt til NAV-kontoret klar til å yte hjelp om naudsynt.

– Ein er sjølvsagt ikkje budd på ein slik situasjon, men difor er det også viktig at vi no finn så gode løysingar som råd er. Førebels styrer vi difor NAV-kontora frå Årdal, seier Moen.

Status for ulike tenester i Lærdal tysdag ettermiddag:

  • Lærdal har fått straum frå aggregat, men det blir jobba med å opprette ei reserveløysing via det vanlege straumnettet
  • Folk blir oppmoda til ikkje å bruke vaskemaskin, bruke oppvaskmaskin minimalt, slå av alt lys som ikkje er naudsynt, senke temperaturen i rom som ikkje er i bruk og redusere bruken av varmtvatn
  • Førebels er det nær umogleg å ta ut kontantar i Lærdal, verken i bank eller butikk
  • Butikkane har hatt såkalla reserveløysing for kortbetaling. Ein vonar å få feilretta dette i løpet av veka, kanskje alt onsdag
  • Fleire stader og bygder i kommunen er framleis heilt utan telefon og internett. I Lærdal sentrum er det sett opp reserveløysingar som sikrar tilgang til mobiltelefoni og 3G-nett
  • Telenor har bidrege med 300 mobile breibandløysingar som vert fordelt på dei som treng tilgang til nett

Nabohjelpordningar fungerer

Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand innser at utfordringane er mange og store for lærdølane, og at det vil ta tid før alt er tilbake til normalt for samfunnet. Men han rosar innsatsen som har vore gjort, ikkje minst frå kommunen dei siste dagane.

– Det vi utfordrar kommuneleiinga på heile tida er dei heile tida må vere tydelege på kva ressursbehov dei har. Dei gir beskjed om ting dei treng hjelp til utanfrå, og vi har jo og sett at det er sett i gang nabohjelpsordningar i stort omfang. Vi tykkjer dette er veldig bra, og vi ser jo og at dette er noko som må haldast i gang ei god stund framover, seier Stensvand.

Nabohjelpsordninga gjorde mellom anna til at ordførar i Leikanger, Olav Lunden, i dag var sjef for Lærdal si kriseleiing, slik at Lærdal-ordføraren fekk utført andre oppgåver og kvilt seg.

kiwi lærdal

BETALINGSTRØBBEL: I Kiwi-butikken får ein betalt med kort, med såkalla reserveløysing med signatur. Ein får ikkje teke ut kontantar i Lærdal no, noko som skapar vanskar for mange.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ber folk om å bruke tilboda

Over 400 menneske var innom sjukehus for å bli sjekka for røykskadar etter brannkatastrofen på Lærdalsøyri.

Men sjølv om mange fekk fysiske plager, vart ingen alvorleg skadde. Men kjenslene etter brannen kan vere tøffe å takle for mange.

– Mitt råd til dei som har opplevd dette på nært hald er vel todelt. Det eine er å oppsøke dei tilboda som kommunen og kyrkja gjer gjennom det psykososiale arbeidet. Det andre handlar om at folk må vere flinke til å ta vare på kvarandre, og nytte dei sosiale fellesskapa som er. Anten det gjeld vener, familie eller for den lag og organisasjonar, seier fylkesberedskapssjefen.

Slik får du hjelp etter brannen:

  • Kommunen si kriseleiing har oppretta eit psykososialt senter på den gamle hjelpepleiarskulen der dei gjev hjelp til alle med større eller mindre utfordringar. Ope frå 9 til 21 kvar dag
  • Hauge kyrkje held ope på kveldstid og her kan alle som vil kome og snakke og halde saman
  • Komande søndag skal det vere ei solidaritetsgudsteneste i kyrkja
  • Kontakt kommunen eller fastlegen om du har spørsmål knytt til dette
  • NAV-kontoret er mellombels flytta til Årdal, men NAV kan nåast på telefon 55553333
  • Om du treng hjelp til innkvartering så finn du telefonnummer på Lærdal kommune si heimeside

Komande helg er det tid for den tradisjonsrike veterancupen i fotball i Lærdal. Kommunen si kriseleiing og arrangøren har bestemt at denne skal gå etter planen, uansett.

– Eg tenker at det er heilt rett at ein held fram med sosiale arrangement for nettopp å skape dei sosiale arenaene som folk treng, slår Håvard Stensvand fast.

Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".