NRK Meny
Normal

Slik blir kolonnetidene i Skatestraumtunnelen

Statens vegvesen innfører kolonnekøyring i Skatestraumtunnelen om ei veke. Her kan du sjekke når vegen blir opna for trafikk.

Reparasjon i Skatestraumtunnelen

SNART KLAR: Statens vegvesen held framleis på å reparere skadane etter brannen. Om ei veke blir tunnelen opna for kolonnekøyring.

Foto: Sveinung Hovland / Statens vegvesen

Frå måndag 7. september kjem til å bli ti daglege avgangar. I vekedagane blir dei første bilane sleppt gjennom klokka seks og klokka fem over seks om morgonen. I helgane startar kolonnane klokka åtte og fem over åtte.

Tidene er utarbeida av Statens vegvesen i samarbeid med fylkeskommunen, som er vegeigar, og Bremanger kommune. Målet er å gjere kvardagen lettare for innbyggjarane i Bremanger etter tunnelbrannen.

– Vi har prøvd å tilpasse oss lokale behov, spesielt dei som har dette som pendlarveg. Med ti kolonnar om dagen så trur vi at vi har kome dei fleste behov i møte, seier seksjonssjef Margot Åsebø i ei pressemelding.

Ferja som vart sett inn på sambandet Kjelkenes-Smørhamn etter tunnelbrannen vert fjerna når kolonnekøyringa startar opp.

Kolonnekøyring i Skatestraumtunnelen

Frå Hamnen

Frå Klubben

06:00

06:05

07:10

07:15

08:00

08:05

09:10

09:15

11:00

11:05

13:45

13:50

15:30

15:35

17:00

17:10

19:30

19:35

22:00

22:05

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå