Hopp til innhold

Slik blir jonsok-vêret i fylket

Hint: Det blir svært små sjansar for skogbrann.

Refvik

BÅL: Jonsokaftan vil det lyse frå holmar, skjer og bygder i heile fylket. Fyr varsamt!

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Ta med deg regnjakke og støvlar på jonsokfeiring i år. Det er eit godt tips, nesten uansett kvar i Sør-Noreg du held deg.

– På ettermiddagen er det ein front som kjem frå vest. Då blir det aukande og meir samanhengane nedbør, fortel statsmeteorolog Martin Granerød.

Laster Twitter-innhold

Ustabilt sommarvêr

Fredag 23. juni startar med roleg vind, men det vil ta seg opp til sørleg liten kuling om kvelden.

Om føremiddagen vil det vere mest regnbyer, før det blir meir stabilt regn. Helga vil halde fram i same spor, fortel statsmeteorolog Martin Granerød.

– Også laurdag og søndag vil det kome godt med nedbør. Sakte men sikkert vil det også bli lågare temperaturar, fortel meteorologen.

Dersom du håpar den siste juni-veka skal by på meir sommarleg vêr, så må meteorologen skuffe deg.

Då ser eit lågtrykk ut til å ta ferien sin ute i Nordsjøen.

– Det ser ut til å parkere der ute, så det blir påfyll med nedbør også da, fortel Granerød.

Sande, nordfjord

LITT VÅTT:_ Meteorologen melder om regn jonsokaftan i fylket. Kle deg godt!

Foto: sandecamping/Instagram / nrk

Jonsok var solfest

I den vesle bygda Solvorn i Luster er ikkje regn ei hindring for bygdefest.

– Vi skal fyre bål i bålpanner, og ha jonsokbryllaup. Borna skal ro inn i ein trebåt bygd på Urnes kledd i finstas, og det blir trekkspelmusikk og mat, fortel Bjarni h. Valsson frå Solvorn bygdelag.

Dei har ein ekstra grunn til å feire den lysaste tida av året. No skal stupetårnet dei har bygd på dugnad opnast, regn eller ei!

– Det blir vått uansett når ein badar, så det går heilt fint det! Og så har bygdelaget partytelt vi set ut.

På mange holmar og i krokane inn i fjordane blir det tent bål og fletta blomekransar i morgon. Kanskje feirar de også som dei gjer i Solvorn?

Vi vil veldig gjerne sjå korleis du feirar jonsokaftan med familie og vener! Bruk emneknaggen #nrksf på appen Instagram, så dukkar dei opp i galleriet vårt.

Blomar, jonsol

JONSOK-MAGI: Før i tida trudde ein blomar og planter var på sitt sterkaste når sola stod høgast på himmelen. Kanskje drøymer du om den store kjærleiken om du plukkar sju ulike artar og legg under puta di?

Foto: elin.fossheim/Instagram