Hopp til innhold

Slik blir Førdefestivalen i år

Førdefestivalen sitt tema for 2012 er «Coexistence – sameksistens». Artistane er henta frå alle kontinenta i verda.

Frå venstre: Damily, The Nordic Fiddlers' Bloc og Yasmin Levy

ARTISTAR TIL FØRDE: Her er eit utval av artistane som kjem til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival til sommaren. Årets tema er sameksistens.

Foto: Førdefestivalen

– Vi ønskjer å setje fokus på sameksistens mellom folk og kulturar. Sameksistens er både spennande og utfordrande, og det gjer oss rikare, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

Ho utdjupar vidare:

– Gjennom musikkuttrykk og tradisjonar vil vi vise at menneske og kulturar til alle tider har påverka kvarandre; ingen sivilisasjon lever i vakuum, men er tvert om avhengig av samspel med omverda, seier Bjørkum.

Desse kjem til festivalen

Førdefestivalen vert arrangert 5. - 8. juli, og er den 23. festivalen i rekka.

Temaartistane på Førdefestivalen kjem frå alle kontinent. På programmet står mellom andre Yasmin Levy og den sefardiske musikken, The Other Europeans, greske Apsilies og Damily frå Madagaskar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dronning Sonja og Hilde Bjørkum

ALTERNATIV OPPLEVING: Hilde Bjørkum i Førdefestivalen vil gje rom for stemmer og musikk som til vanleg ikkje når opp i den kommersielle marknaden. Her er direktøren saman med dronning Sonja på festivalen i 2010.

Foto: Simon Solheim/NRK

The Nordic Fiddlers' Bloc kjem til Førde med medlemmer frå Norge, Sverige og Shetland.

Andre norske artistar blir spellemannsprisvinnar Ragnhild Furebotten og telemarkingen Aasmund Nordstoga.

Medviten haldning til profil

Ifølgje pressemeldinga ønskjer Førdefestivalen å gje rom for dei mange stemmene som ikkje alltid vinn fram i den kommersielle marknaden.

– Vi skal vere eit alternativ til mainstreamkulturen, og gje folk sjansen til å oppleve musikk og musikarar dei kanskje ikkje kjenner frå før, seier direktør Hilde Bjørkum.

Ho held fram:

– Kvalitet og variasjon er viktig når vi legg program og vel artistar, og alle avgjerder tek vi på grunnlag av fagkunnskap og medviten haldning til profil og mål, seier Bjørkum.