NRK Meny
Normal

Her kan du velge og vrake i kortreiste sommaropplevingar

Sogn og Fjordane står igjen framfor ein sommar med festivalar, løp og marknadar. Her er oversikta over noko av det som skjer i fylket.

Publikum på Målrock 2014

PUBLIKUM: Dei mange arrangementa i fylket denne sommaren burde tilfredsstille mange og ein kvar.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Både små og store kan gle seg til ein sommar med spennande arrangement. Frå Bulandet og Værlandet yst i havgapet, til både Stryn og Luster inst i trivselsfylket.

Ei lang rekkje arrangørar byr på konsertar, motbakkeløp, sykkelritt, våt moro og marknader.

Og deltek du på eitt av dei mange arrangementa i sommar, bruk gjerne emnemerket #nrksf når du postar bilete og meiningar på sosiale medium.

Juli:

Folkemusikkopptog

FØRDE: Første helga i juli kjem heile verda til Førde.

Foto: Ronny Brede Aase / NRK

1.– 5. juli: Førdefestivalen i Førde

  • Fleirkulturelt musikkarrangement i Førde.

3. juli: NRK FolkeLutt sender frå Førdefestivalen

3. juli: Jotunheimen Rundt i Sogn

  • Sykkelløp frå Lærdal, gjennom Jotunheimen til Sogndal.

3. – 4. juli: Ålfotmarknad i Bremanger

  • Marknadsdagar i Ålfoten.

3.– 4. juli: Aurlandsmarknaden i Aurland

  • Marknad og underhaldning.

3.– 5. juli: Oldendagane i Olden

  • God blanding av underhaldning, kultur, marknad og bryggjedansi Stryn.

3.– 5. juli: Nordsjøportfestivalen i Askvoll

  • Aktiv helg med motbakkeløp, marknad og underhaldning på Bulandet og Værlandet.
Jotunheimen Rundt 2014

SYKLING: Jotunheimen Rundt er etablert som eitt av fleire årlege sykkelritt i Sogn.

Foto: Håvard Nesbø

4. juli: Sognefjellsrittet i Sogn

  • Sykkelløp frå Lom over Sognafjellet til Hafslo og Sogndal.

4. juli: Hornindal Rundt i Hornindal

  • Noregs tøffaste fjelløp, 75 km i skog og terreng.
helge Hafsås

MARATON: For dei som likar å springe både langt, og lenger enn langt, kan Jølster Maraton vere eit alternativ.

Foto: Oddleif Løset / NRK

4. juli: Jølster Maraton i Jølster

  • Løp med forskjellige distansar langs Jølstravatnet.

5. juli: Seljumannamessa i Selje

  • Økumenisk gudsteneste i klosterruinane på Selja.

5. juli: Vidasete Opp i Vik

  • Motbakkeløp i Feios. Blir arrangert for 10. gong og er siste løpet i Vikjatrippelen.

9.–12. juli: Bremanger Rockwekend i Bremanger

  • Musikkfestival, motbakkeløp og aktivitetar.
Våt Moro 2014

MORO: Det er mange måtar å skape oppleving av ressursane langs vestlandskysten.

Foto: Truls Kleiven / NRK

9.–12. juli: VåtMoro i Florø

  • Havsportfestival og underhaldning for små og store.

9.- 12. juli: Norsk Countrytreff i Gloppen

  • Countryfestival på Breim.
Norsk Country Treff 2014

COUNTRY: Musikksjangeren har fått sin eigen festival i Gloppen. I løpet av festivalen blir det også kyrkjekonsert.

Foto: Runar Sandnes

10. juli: NRK CountryLutt sender frå Norsk Countrytreff.

11. juli: Vetenløpet i Bremanger

  • Motbakkeløp frå Grotlesanden til Veten.

11.juli: Korsadagen på Stadlandet i Selje

  • Utedans og konsert i Leikanger sentrum (Korsen).
Historisk bryting

GLIMAMEISTERSKAP: Dette er historisk bryting, og er under Vikingfestivalen under leiing av meister Lars Magnar Enoksen.

Foto: Privat

14. - 19. juli: Vikingfestivalen i Gudvangen

  • Musikk og dans, marknad, hesteshow, glimameisterskap, kurs, og ulike aktivitetar i Aurland.

16. juli: Sommarkonsert på Otternes Bygdetun i Aurland

  • Musikk med Valkyrien Alltars, mat og sosialt samvær.

16.–18. juli: Malakoff Rockfestival i Eid

  • Musikkfestival.

17. juli: NRK SommarLutt sender frå Malakoff Rockefestival

Mykje båt samla i Askvoll Sentrumshamn.

SKJÆRGARD: I Askvoll blir det tradisjonen tru eit variert program under skjærgardstreffet.

Foto: Steinar Bauge

17 – 18. juli: Skjærgardstreffet i Askvoll

  • Skjærgardsliv, aktivitetar og underhaldning for små og store.

18. - 20. juli: Cruise in Company i Måløy

  • Seglskutefestival med dans, marknad, mat og variert underhaldning.

20.– 26. juli: Kvinnelandslaget i handball på treningsleir i Gloppen

  • Det er planlagt to kampar på Sandane. Landslaget til Russland kjem også.

22.–25. juli: Utkant i Gulen

  • Musikkfestival på Skjerjehamn.
Utkant 2014

REKORD: For sjuande året på rad sette Utkantfestivalen i Skjerjehamn rekord med 14.300 publikumarar i fjor.

Foto: Gøril Sætre/Utkant

24.–26. juli: Sommardagar i Utvik

  • Underhaldning, aktivitetar og dans.

24. – 26. juli: Friluftshelga i Hyen

  • Kultur, overnatting, fjellturar, marknad og mykje anna.

24. - 26. juli: Geitostfestivalen i Undredal.

  • Marknadssal av tradisjonsvarer, geitost og musikk.
Stein Torleif Bjella

FRES: I fjor spelte Stein Torleif Bjella under festivalen i Fresvik.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

23.–26. juli: Fres Festival i Vik

  • Musikkfestival i Fresvik i Vik.

25. juli: Hornindalsvatnet Maraton i Hornindal

  • Løp langs Europas djupaste innsjø.

26. juli: Aurlandsmarsjen i Aurland

  • Turmarsj frå Østerbø til Vassbygdi.

31. juli- 2. august: NM i hesteskokasting

  • NM i par, singel og lag

31. juli – 2. august: Krabbefestival på Atløy

  • Krabbe, underhaldning og musikk.

31. juli - 2. august: Ragnarok ungdomsleir, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.

Måløy Havfiskefestival 2013

FISKE: Måløy Havfiskefestival gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer også i år fiskekonkurranse. Også for born.

Foto: Kristin Oldeide

31. juli – 2. august: Måløy Havfiskefestival i Vågsøy

  • Fiskekonkurranse og sosialt samvær.

31. juli – 3. august: Kalvåg Kystfestival i Bremanger

  • Musikk, aktivitetar og underhaldning i Kalvåg.

 August:

1. august – Sommarleir Natur og Ungdom med folkefest i Vevring

1. august: Stryn gummibåtfestival i Stryn

  • Grilling, DJ, godt humør og gummibåt.

4. august: Sommarblues i hagen på Gloppen Hotell, Sandane

  • Med bandet Blueskollektivet
Målrock under skåri

MÅLROCK: Naturkreftene amputerte fjorårets Målrock. Kraftig vind gjorde at programmet laurdagen vart kansellert.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

5.–8. august: Målrock i Årdal

  • Pop- og rockfestival.

6. – 8. august: Sommarrevy i Florø

  • Revy med maritimt preg

6. – 9.august: Fjordsteam i Florø

  • Veteranbåtar, kultur, historie og opplevingar.

7. – 9. august: Kulturdagar i Hornindal

  • Kafear, langopne butikkar, stordans og gudsteneste på Grodås.

7. -16. august: Dalsfjordveka i Fjaler

  • Turar, konsertar og opplevingar.

8. august: Fanaråken Opp i Luster

  • Motbakkeløp frå Turtagrø til Fanaråken

8. - 9. august: Årringar i Stryn

  • Musikal på utandørsscena ved Sagedammen på Ulvedal.

10. – 14. august: Basecamp for ungdom på Værlandet

  • DNT Ung Sogn og Fjordane, med fokus på kystbasert friluftsliv.
Elvisfestivalen 2014

KING: Arrangørane lokkar med Elvis-musikk og rockekongen sin eigen Cadillac 1959-modell.

Foto: Roger Vik

13.–15. august: Elvisfestival i Måløy

  • Amcar-utstilling, parade og Elvis-folkefest med nasjonale og internasjonale artistar.

14. – 16. august: Junior-NM i friidrett i Gloppen

  • Friidrettsarrangement på Byrkjelo stadion.
Skåla Opp 2014

SKÅLA: Arrangørane håpar å nå den magiske grensa på 2000 deltakarar i år.

Foto: Roger Vik

15. – 16. august: Skåla opp i Stryn

  • Motbakkeløp med start frå Tjugen til Skålatårnet i Loen.

15.–17. august: Norsk Bringebærfestival i Vik

  • Kultur, dansegalla og ulike aktivitetar.

15.–17. august: Eikefjorddagane i Eikefjord

  • Familiearrangement med fokus på det gode liv.

16. august: Sognefjellsmarsjen i Luster

  • Start frå Krossbu og Herva til Turtagrø.

20. – 22. august: Smakfestivalen Godt i gapet i Florø

  • Mat, drikke og konsertar

21. august: Konsert med The Black Sorrows, Sandane

  • Fjæra Bluesklubb arrangerer med det australske bandet.

21. – 22. august: Sogn Gammaldansfestival i Luster

  • Dans og folkemusikk i Gaupne.
Sandanedagane 2011

LIV: Marknadsdagane på Sandane har lange tradisjonar.

Foto: Runar Sandnes

21.–23. august: Sandanedagane i Gloppen

  • Marknad, underhaldning og aktivitetar på Sandane.

21.– 23. august: Fjell og Fjordmoro i Sogndal

  • Ekstremsport, aktivitetar og konsertar.

21. – 23. august: Mimi goes glamping, i Gaular

  • Operafestival på Åmot operagard.

22. august: Storehesten Opp i Gaular

  • Motbakkeløp i Bygstad.

28. – 29. august: Danseweekend i Hornindal

28. – 30. august: Industristaden Høyanger 100 år i Høyanger

  • Hovudarrangementet er denne helga

28.– 30. august: Gloppen Musikkfest på Sandane

  • Klassisk musikk og dans i Gloppen.

29. august: Førde Opp i Førde

  • Motbakkeløp frå sentrum opp bystien til toppen av Hafstadfjellet.

29. august: Halsør Grand Prix i Vågsøy

  • «Olabilløp», sykkelløpet «Nord-Vågsøy rundt» og fjelløpet «Børahornet opp og ned». Ei rekke andre mindre arrangement finn også stad.

På toppen av Eggenipa i Gloppen

EGGENIPA: Motbakkeløpet til det særprega fjelltoppen ved Våtedalen har etablert seg blant motbakkeløpa.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

30. august: Eggenipa Opp i Gloppen

  • Motbakkeløp på Egge ved Våtedalen.

Har du tips om andre ting som burde stå på lista og som skjer i juni, juli og august? Då kan du sende ein epost til brit.jorunn.svanes@nrk.no.

Tidlegare arrangement i sommar:

Mai

29. mai – 31. mai: Kulturdagane i Skjolden

  • Føredrag, krimkveld, song, musikk og dans.

30. mai: Åsen Opp i Florø.

  • Motbakkeløp.

30.mai: Sommarfest i Årøyane i Naustdal

  • Utefest og sommarstemning.

30. mai: Tour de Bremanger i Bremanger

  • Sykkeltur frå Svelgen til Kalvåg.

30. – 31. mai: Beachhandball i Gloppen

  • Fylkesturnering frå 12 år og oppover på Byrkjelo.

30. - 31. mai: Flo og Fjære i Florø

  • Båt - og bymesse

Juni:

Amcar-treff i Årdal

MOTOR: I Stryn står bilinteressa i hovudfokus første helga i juni.

Foto: Jan Christian Jerving

5.–7. juni: Motorfestival i Stryn

  • Råning, motorquiz, underhaldning, bilutstilling.

6. juni: Florø friidrettsfestival i Flora

  • Nasjonalt friidrettsstemne med innlagt internasjonal deltaking i Florø.

6. Juni: Dei 3 mannskor i Jølster

  • Stardalen mannskor inviterer til mannskorkonsert på Thon Hotel Jølster på Skei.

6. juni: Gatefest på sørsida i Førde

  • Musikkfest i Førde sentrum.
Video Sjå Trappeløpet i Høyanger direkte

TRAPPELØP: Sidan 1992 har det årleg blitt konkurrert om å raskaste tida opp dei 1268 trappetrinna i Høyanger.

Foto: Nyhetsspiller

6. juni: Gøyanger i Høyanger

  • Trappeløp.

7. juni: Lustraløpet i Luster

  • Landevegsløp frå Nes til Luster langs fylkesveg 55.

12.- 13. juni: Lustrabalder i Luster

  • Musikkfestival i Parken i Gaupne.

12.- 14. juni: Seljecup i Selje.

  • Fotballturnering.
Nedrebø Jølster Aurefest

AUREFEST: Tre unge deltakarar under fjorårets fiskekonkurranse i Jølster.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

12.- 14. juni: Jølster Aurefest i Jølster

  • Villmark- og friluftsfestival, Fiskekonkurranse, underhaldning.

12. - 14. juni: Fjord til Fjell i Årdal

  • Konsertar, Amcar-treff og motbakkeløp.

13. juni: Nordfjordrittet i Nordfjord

  • Sykkelritt frå Lote, om Panoramavegen til Stryn, Byrkjelo og målgang på Sandane.

13. juni: Mensen Ernst Minneløp i Vik

  • Landevegsløp i Fresvik. Dette er andre løpet i Vikjatrippelen

14. juni: Trollenykjen Opp i Eid

  • Motbakkeløp frå Skipenes til Trollenykjen.

19. juni: Køntri i Gulen

  • Countryfestival i Gulatingsparken utanfor Eivindvik.
Sildebord 2013

SILD: Sildebordet er eit tradisjonsrikt arrangement i kystbyen.

Foto: TRULS KLEIVEN

19. juni: Sildebordet i Flora

  • Det tradisjonsrike sildebordet og konsertar i Florø.

20. juni: Sommarfest i Jølster.

  • Musikk.

20. - 21. juni: Grodås Cup i Hornindal.

  • Fotballturnering.

19. – 21. juni: Svelgentreffet i Bremanger

  • Amcar-treff, musikk, motorshow og dans i Svelgen.

19.- 21. juni: Lærdalsmarknaden i Lærdal

  • Friluftsmarknad på Lærdalsøyri.
Firdaløpet

FIRDALØPET: Sunnfjord Veteranvogn Klubb arrangerer årleg storløp for bilar og motorsyklar eldre enn 30 år, og eldre enn 21 år i original versjon etter vurdering.

Foto: Ole Erik Thingnes

20. juni: Firdaløpet i Sunnfjord

  • Veteranbilløp Førde – Dale – Holmedal.

20. juni: Molden Opp i Luster

  • Motbakkeløp med start ved Tørvis Hotel i Marifjøra og målgang på Molden.
Kinnaspelet

SPEL: Steinkyrkja på Kinn utgjer kulissane for Kinnaspelet.

Foto: Bård Siem / NRK

20.- 21. juni: Kinnaspelet i Flora

  • Historisk sogespel framført mellom bergveggen og steinkyrkja Kinn Kyrkje på Kinn.

21. juni: Svinestranda Opp i Gloppen

  • Motbakkeløp frå sentrum på Sandane til Svinestranda.

20. juni: Laksens dag i Florø

  • Barnas kjøkken, våt moro og underhaldning.
Boknatt i Fjærland.

BOK: Det er mykje som kan dukke opp når fjærlendingane arrangerer boknatt.

Foto: Eivind Hjellum

20. juni: Boknatti i Bokbyen i Fjærland

  • Bokmarknad og underhaldning.

20. juni: Sunnfjord Triathlon i Naustdal

  • Konkurranse for born, vaksne og lag.

25.–28. juni: Måløydagane i Vågsøy

  • Våt moro, veteranbåttreff, underhaldning og kultur i Måløy.

26.–28. juni: Villsaufestivalen i Solund

  • Kurs, aktivitetar, marknad, underhaldning og «fåredrag».
Elskhug og Eksis

ELSKHUG: Handlinga er lagt til 17. mai 1895, ei tid då det skjedde mykje i Norge. Spelet vert framført på Eksersisplassen i Eid.

Foto: Arne Vik

26. – 28. juni: Elskhug Og Eksis i Eid

  • Utandørs barne- og ungdomsteater.

26.- 28. juni: Veikingkonvoien i Flora

  • Båtkonvoi frå Florø – Færøykavlen – Svanøy.

26.–28. juni: Jordeplerock i Lærdal

  • Musikkfestival i sentrum av Lærdal

26.–28. juni: Lerum Cup i Sogndal

  • Fotballcup.
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast