Hopp til innhold

Slik blir den nye Vestlandshøgskulen

Rektor blir sitjande i Bergen, og den nye høgskulen blir ein nynorskskule.

stokke

NØGD: Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, seier han er særskilt nøgd med at den nye høgskulen blir ein nynorskskule.

Foto: Privat

Samanslåingsavtalen for ein ny stor Vestlandshøgskule er no klar.

Forhandlingsutvalet som har drøfta ei samanslåing av Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund møttest i går for siste gong i Bergen.

No blir det blir opp til styra ved dei tre høgskulane å ta stilling til ei samanslåing.

Rektor i Bergen

Avtalen legg opp til at rektor skal sitje i Bergen, i tillegg til ein prorektor i kvar nærregion.

- Dei vil ha ein viktig funksjon i den nye høgskulen, samstundes som dei skal ha eit ansvar for regionen, seier rektor ved HiSF, Rasmus Stokke.

I ei pressemelding går det fram at ingen tilsette vil miste jobben som følgje av fusjon, men mange må likevel rekne med at dei kan få andre arbeidsoppgåver enn før.

Ifølgje samanslåingsavtalen skal Vestlandshøgskulen bestå av tre likeverdige campus og ha nynorsk som hovudmål.

– Vi er veldig glade for å ha fått gjennomslag for at ein så stor høgskule blir nynorskhøgskule. Eg trur det er viktig for nynorsken, seier Stokke i ei pressemelding.

Mål om å bli universitet

Institusjonen får fem campus, og har høge ambisjonar på alle felt. Målet er mellom anna å bli universitet, fortel Stokke.

– Dette understrekar det høge ambisjonsnivået til den nye institusjonen. Vi vil vere i toppsjiktet, og det er ein realistisk ambisjon.

Dersom styra går inn for fusjon, vil HiB, HiSF og HSH be Kunnskapsdepartementet opprette eit interimsstyre med 13 medlemmer, vekta etter storleiken på høgskulane.

Det er styremøte i Høgskulen i Sogn og Fjordane 12 mai. Det endelege vedtaket skjer i juni.