Hopp til innhold

Slik blir DNT si nye turisthytte på Fannaråki

Lite plass til stadig fleire gjester og dårlege forhold for drivarane av hytta. No er ei ny Fannaråkhytte under planlegging.

Fannaråkhytta - forprosjekt

NYTT BYGG: DNT Oslo og Omegn vurderte fleire alternativ for å løyse kapasitetsproblema på Fannaråki. – Vi fann ikkje løysingar vi var nøgde med, men så kom vi borti Snøhetta i samband med Tungestølprosjektet og tok dei med oss inn i prosjektet med Fannaråki, seier driftssjef Jan Erik Reiten.

Foto: Illustrsajon / Snøhetta

– Det er ikkje eigna for veldig mange overnattingsdøgn, men vi treng noko som fungerer, seier Jan Erik Reiten, driftssjef i DNT Oslo og Omegn.

12–16 millionar kroner

Fannaråkhytta - forprosjektet

STASJON: Som den meteorologiske stasjonen på Fannaråki, har Snøhetta teikna den nye hytta inn som eit bygg med føremål. – Det er ikkje noko hotell eller hytte, men skal vere eit bygg som skal tole det tøffe klimaet 2.000 meter over havet, seier seniorarkitekt Anna Cecilie Haug.

Foto: Illustrasjon / Snøhetta

Forprosjektet for eit 400 kvadratmeter stort nybygg på Fannaråki vart onsdag presentert for styret i DNT. Der var signala «køyr på».

Slik planane ligg føre kan prislappen bli mellom 12 og 16 millionar kroner.

– Slike prosjekt har ein tendens til å utvikle seg. Heile anlegget bør eigentleg oppgraderast, men utgangspunktet er at vi over fleire år har erfart at det både er for lite plass for gjester og for dårlege forhold for dei som driver hytta, seier Reiten.

Fanaråkshytta

FANNARÅKHYTTA: Fannaråki er eit populært reisemål. – Sjølve bygga er i ok stand. Dei toler utruleg med vêr, men storleiken er problemet. Det er for smått, seier Jan Erik Reiten i DNT Oslo og Omegn om behovet for eit nybygg på Fannaråki.

Foto: Steinar Lote / NRK

2.200 overnatta i år

Jan Erik Reiten

NØGD: Jan Erik Reiten seier nybygget på Fannaråki ikkje blir like spesielt som på Tungestølen. – Men det vil ikkje overraske meg om det kjem synspunkt på å bygge på toppen av Fannaråki. Litt engasjement reknar vi med, seier han.

Foto: Marius Nergård Pettersen

Fannaråkhytta er mellom dei mest populære turisthyttene. Siste ti åra har i snitt 1.676 personar overnatta på den høgastliggande DNT-hytta i Noreg. I tillegg tek i snitt 3.500 personar i året dagsturen til fjelltoppen i Jotunheimen.

I år overnatta vel 2.200 gjester i hytta. Det er uvisst kor mange overnattingsplassar det blir med eit nybygg.

Reiten seier det i dag er trongt og vanskeleg å ta seg fram til sengene. Trongt er det også på kjøkenet, som i tillegg er lite funksjonelt. All lagring er spreidd på alle husa.

– Vi tenkjer soverom i det som er hovudhytta i dag, med rom for tilsette i toppen. Den nye hytta skal ha kjøkken, matsal, opphaldsrom og tekniske fasilitetar som lager, seier Reiten.

«Fannaråki stasjon»

Fannaråkhytta - forprosjekt

STOVA: Snøhetta har teikna eit moderne, føremåls bygg. – Det blir ikkje noko luksushotell. Det skal ha den gode gamle stilen i solid og godt materiale. Det skal vere kvalitet og kos, men vedlikehaldet må vere lite, seier seniorarkitekt Anne Cecilie Haug.

Foto: Illustrasjon / Snøhetta

Det er arkitektfirmaet Snøhetta som står for forprosjektet. Dei har også teikna nye Tungestølen og Fuglemyrhytta i Oslo. Sistnemnde opna i haust.

Seniorarkitekt Anna Cecilie Haug seier dei vil føre vidare historia til Fannaråki, som opphavleg var ein vêrstasjon.

Inspirasjonen har dei henta frå forskingsstasjonar i vêrharde strok. Nybygget, som Haug vil kalle ein «stasjon», må tole eit tøft klima.

Anne Cecilie Haug i Snøhetta

HELDIGE: – Vi er fantastisk heldige som får vere med å teikne ei hytte som skal ligge på ein fantastisk lokasjon, midt i vakre Jotunheimen, seier Anne Cecilie Haug i arkitektfirmaet Snøhetta. Frå før har Snøhetta teikna Fuglemyrhytta (på teikninga) som igjen er inspirert av Tungestølen.

Foto: Nina Didriksen / NRK

– Utsida ynskte vi å gi eit stasjonspreg, eit litt tøffare preg. Inne er det lunt, godt, koseleg og trygt, og har fleire ulike romlege opplevingar som står i kontrast til den store og vide opplevinga utanfor, seier Haug.

– Er de budde på mange reaksjonar, som ved prosjektet på Tungestølen?

– Ja, men vi tykkjer det er kjekt at folk engasjerer og bryr seg. Samstundes ser vi ofte at dei kritiske røystene stilnar når arkitekturen blir bygd.

Søknad neste år

Fannaråkhytta - forprosjekt

MATSAL: Slik har Snøhetta tenkt at hytta kan sjå ut innvendig.

Foto: Illustrasjon / Snøhetta

Reiten i DNT seier at dei har så langt berre fått positive signal på forprosjektet.

Det er uvisst når nybygget står klart.

– Først må vi gå gjennom det byggtekniske og lage meir detaljerte planar som grunnlag for ein søknad til nasjonalparkstyret. Det kan bli klart i løpet av året som kjem, seier han.

HØGT: Fannaråkhytta i Luster kommune er Noregs høgaste turisthytte, 2.068 meter over havet. Dit kjem du om du går frå Skogadølsbøen, Sognefjellhytta, Krossbu eller Turtagrø.