NRK Meny
Normal

No vil truleg alt normalisere seg att...

August har vore ein månad der både nedbør og temperaturar skil seg frå normalen. Den neste veka vil truleg rette på dette ...

Morgon i Balestrand 24. august.

MÅ VENTE: Ein må bu seg på å vente nokre dagar om ein ynskjer så flotte morgonar som dette i Balestrand i dag tidleg.

Foto: Terje Sæle

Månaden ligg per 24. august til å vere 1,5 til tre grader varmare – og halvparten så vått som den plar vere.

– Det får vi retta på den kommande veka. Det vil nok sakte, men sikkert, nærme seg normalen, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Vil normalisere seg

Frå i kveld vil vinden auke på til kuling i fjell, kyst og fjordstrok. Samstundes vil skyene dekkje meir og meir av himmelen etter kvart som vinden dreier sørleg. Slik vil det vere. I alle fall gjennom helga.

20 varmegrader ved Sæle då Terje Sæle køyrde forbi.

VARMT: Temperaturmålaren i bilen til Terje Sæle viste 20 varmegrader då han køyrde forbi Sæle ved Sognefjorden måndag morgon.

Foto: Terje Sæle

Frå og med onsdag vil kvikksølvet stogge under 20 varmegrader på dagtid og under ti grader på nattetid. Og nedbøren vi ikkje har fått til no i August. Den vil venteleg komme no.

– Vi har Takle til dømes. Her har det førebels kome 100 millimeter nedbør, medan normalen er 200 millimeter. Men det kan fort komme 50–100 millimeter til neste tysdag, seier Fagerlid.

Lågtrykk skal passere

Det ligg med andre ord an til ein våt slutt på det som til no har vore ein fin August, som har trekt sommartemperaturen noko opp etter ein juni og juli med temperaturar under normalen.

Morgon i Florø

STILLE: Dette biletet vart teke måndag morgon i Florø.

Foto: Johan Johansson

Ein treng truleg ikkje ha dei heilt store håpa om flott haustvêr. Normalt sett er september ein våt månad med 300 millimeter nedbør fleire stader på Vestlandet.

– Eg skal ikkje avskrive heilt findagar i neste veke, men eg har litt problem med å finne dei. No er det eit lågtrykk som skal passere, og det ser ut til å komme eit høgtrykk bak. Problemet er at lågtrykket vil bruke litt tid på å passere over Vestlandet, seier Fagerlid.

Ikkje øs pøs

Geir Ottar Fagerlid

IKKJE BEKSVART: Sjølv om august har hatt dei beste dagane allereie, seier Geir Ottar Fagerlid at haustvêret kan bli fint. – Ein treng ikkje grave seg ned. Med litt flaks så kan det komme rolegare vêr i neste veke. Det er lov å håpe, seier han.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Men finvêret i august ser ut til å vere over, legg statsmeteorologen til.

– Så det er ikkje fint haustvêr å sjå i det heile?

– Ikkje denne veka, men kanskje høgtrykket kjem tilbake tysdag og onsdag i neste veke.

Likevel, det blir ikkje sju dagar med øs pøs regnvêr.

– Det ligg an til regn kvar dag, men det vil vere periodar med opphaldsvêr. Det positive er at luftmassen kjem sør frå kontinentet, så det er milde luftmassar. Så heilt beksvart er det ikkje.

PS! Geir Ottar Fagerlid oppmodar dei som driv uteaktivetar og avheng av vêr og vind til å følgje radarbileta på yr.no. – Nedbørsprognosane kan ein ikkje stole blindt på, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.